«Nowhere» (engelsk for Ingenstad) skulle vere eitt av bidraga i Dansk Melodi Grand Prix 2012, framført på engelsk av VALEN:TINE, men vart diskvalifisert av di songen vart offentleggjort på YouTube sumaren 2011. Til trass for at bidraget vart diskvalifisert er det med på albumet Dansk Melodi Grand Prix 2012.

Dansk Melodi Grand Prix 2012 Bidraget skulle deltake i finalen i Dansk Melodi Grand Prix 2012, men 6. januar 2012 kunne Politiken fortelje at songen hadde vore tilgjengeleg på bloggnettstaden Mog.com sidan oktober 2011 under det opphavlege namnet til artisten, Tine Lynggaard, men vart fjerna 5. januar 2012.Politiken, 06.01.12: Anklage: Dansk grandprix-sang er allerede udgivet Ifylgje reglane vert ein song diskvalifisert om han har vore offentleggjort eller utgjeve før tevlinga.DR, 06.01.12: Regler for Dansk Melodi Grand Prix 2012 6. januar meddelte Danmarks Radio (DR), etter at saka hadde vorte granska, at songen fekk deltake i tevlinga. Ifylgje underhaldningssjef Jan Lagermand Kundme var songen vorte offentleggjort på Internett av ein amerikansk produsent, etter at songen hadde vorte send rundt til folk i musikkbransjen: «Det er uforskyldt, for det er ikkje opphavretthavarane si skuld at songen har enda på Internett».Politiken, 06.01.12: Omstridt Grand Prix-sang får alligevel lov at være med

Likevel valde DR å diskvalifisere songen 9. januar, etter at det var koma fram at Tine Lynggaard sjølv hadde offentleggjort songen på YouTube allereie sumaren 2011. Dette strei imot reglane til Den europeiske kringkastingsunionen (EBU). Dei fastslo at songane ikkje måtte vere kommersielt utgjeven eller framført før 1. september 2011. Om «Nowhere» hadde vunne Dansk Melodi Grand Prix 2012 ville songen vorte diskvalifisert i Eurovision Song Contest 2012.DR, 09.01.12: DR udelukker omstridt Grand Prix-sang VALEN:TINE fekk dimed korkje deltake i Dansk Melodi Grand Prix 2012 eller representere Danmark i Eurovision Song Contest 2012.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Dansk Melodi Grand Prix 2012» frå , og «Dansk Melodi Grand Prix 2012» frå den 5. juni 2012. DR: Nowhere

Kategori:Songar frå 2011 Kategori:Danske songar Kategori:Engelskspråklege songar Kategori:Diskvalifiserte Dansk Melodi Grand Prix-songar