Live in Japan er eit trippelt konsertalbum av det engelske rockebandet Deep Purple, gjeven ut på CD i november 1993. Albumet vart spelt inn over tre kveldar i august 1972 i Japan. Albumet er den utvida utgåva av Made in Japan, som kom ut i 1972. Alle dei 21 songane vart miksa i 1993.

Songane på albumet kjem hovudsakleg frå studioalbumet Machine Head, som kom ut nokre månader tidlegare. I følgje teksten i plateomslaget er det, i motsetnad til mange konsertalbum, ingen ekstraspor lagt oppå i studio i etterkant, soloar som er miksa saman eller falsk applaus. Konsertane vart spelt 15., 16. og 17. august 1972 i Osaka og Tokyo i Japan.

Innhald Ritchie Blackmore, Ian Gillan, Roger Glover, Jon Lord og Ian Paice

CD 1: Good Morning

Spelt i Osaka den 15. august 1972

CD 2: Next week, we're turning professional

Spelt inn i Osaka den 16. august 1972

CD 3: Can we have everything louder than everything else?

Spelt inn i Tokyo den 17. august 1972

«Smoke on the Water» frå den 15. og «The Mule» frå den 17. er ikkje med her. Desse er begge på Made in Japan Andre songar som ikkje er med frå den 16. er «Black Night» som finst på Listen, Learn, Read On-boksen og «Lucille» som finst på Made in Japan CD 2: The Encores

Medverkande Ritchie Blackmore - gitar Ian Gillan - vokal, munnspel, perkusjon Roger Glover - bass Jon Lord - orgel, tangentinstrument Ian Paice - trommer, perkusjon

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Live in Japan (Deep Purple album)» frå , den 5. juni 2012.

Kategori:Triple konsertalbum Kategori:Konsertalbum frå 1993 Kategori:Deep Purple-konsertalbum Kategori:EMI Records-album