Scandinavian Nights er eit dobbelt konsertalbum av Deep Purple. Det vart spelt inn for Svensk Nasjonalradio for eit radioshow kalla Tonkraft i Konserthuset i Stockholm den 12. november 1970, men vart ikkje gjeven ut før 1988. Lydbanda vart miksa av Tom Leader i Angel Studios. Det er eit døme på dei tidlege konsertane til Mark II-besetninga av bandet og den ville konsertdynamikken deira på denne tida.
Den amerikanske dobbelt-CDen som kom i 1992 fekk tittelen Live and Rare, medan den europeiske dobbelt-CDen som kom i 1988 fekk namnet Scandinavian Nights.
Innhald
Medverkande Ritchie Blackmore - gitar Ian Gillan - vokal, perkusjon Roger Glover - bass Jon Lord - orgel, tangentinstrument Ian Paice - trommer
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Scandinavian Nights» frå , den 5. juni 2012. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Doble konsertalbum Kategori:Konsertalbum frå 1988 Kategori:Deep Purple-konsertalbum