Rautasälven (nordsamisk Rávttaseatnu) er ei sideelv til Torne älv i Lappland i Sverige.

Elva spring ut frå Rautasjaure i fjella nordvest i Lappland, 560 meter over havet. Frå der renn elva austover gjennom eit aude landskap. Elva dannar ein bifurkasjon kort tid før Rautas. På det lengste er dei to greinene 3 km frå kvarandre. Europaveg 10 kryssar begge greinene. Etter 6–10 km renn dei to greinene saman att og elva held fram søraustover. Ho renn gjennom bygda Käyrävuopio. Elva renn svingar etter kvart nordover og munnar ut i Vahkujávri, som er ein del av Torne älv, 327 moh, etter ei lengd på nesten 135 km.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Rautas River» frå , den 21. juni 2012. oppgav desse kjeldene: Lantmäteriets Fjällkarta BD4 Kiruna, December 2006

Kategori:Elvar i Sverige Kategori:Torne älv-vassdraget