Krång Erik Gunnar Eriksson () var ein svensk langrennsløper som vart verdsmeister på femmila under Ski-VM 1950 i Lake Placid i USA. Han vart både fødd og døydde i Mora i Dalarna.

Eriksson tok bronse på 18 km under Vinter-OL 1948 i St. Moritz i Sveits, då svenskar vann alle medaljane, men han han var langt bakom både olympiameisteren Martin Lundström og Nils Östensson. Saman med dei same to og Nils Täpp tok Eriksson gull for Sverige på 4 x 10 km stafett, med nesten ni minuttars forsprang til sølvlaget frå Finland.

Under Ski-VM 1950 vart Eriksson verdsmeister på 50 kilometer, framom landsmennene Enar Josefsson og Nils «Mora-Nisse» Karlsson.

Erikson vart nummer 12 på femmila under Vinter-OL 1952 i Oslo, og nummer 15 på den nye meisterskapsdistansen over 30 km i si siste store meisterskapstevling, på svensk heimebane under ski-VM 1954 i Falun.

Eriksson vart aldri individuell svensk meister, men både i 1945 og 1950 gjekk han startetappen då IFK Mora vart stafettmeistrar. Ved begge høva gjekk Anders Törnkvist og Nils Karlsson dei to andre etappane.

Kjelder

P.Chr. Andersen:Den nye olympiaboken, 1957 Denne artikkelen bygger på «Gunnar Eriksson» frå , den 15. juli 2012.

Kategori:Svenske langrennsløparar Kategori:Verdsmeistrar i langrenn Kategori:Olympiske medaljevinnarar i langrenn Kategori:Olympiske meistrar for Sverige Kategori:Olympiske bronsemedaljevinnarar for Sverige Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 1948 Kategori:Svenske deltakarar under vinter-OL 1948 Kategori:Langrennsløparar under vinter-OL 1948 Kategori:Svenske deltakarar under vinter-OL 1952 Kategori:Langrennsløparar under vinter-OL 1952