Linn-Kristin Riegelhuth Koren () er ein norsk handballspelar som sidan 2002, med unnatak for 2009/10-sesongen, har spela for Larvik HK. Ho vart europacupmeister med klubben i 2008 og har vunne ni seriemeisterskap. Riegelhuth har i perioden 2004-11 vunne fire EM-gull, eitt OL-gull og eitt VM-gull med Noregs handballandslag. Riegelhuth, som ofte vert nemnd med kallenamnet Linka, er venstrehendt og spelar både på høgrekanten og som høgreback. Mellom 2003 og august 2012 har ho spela 211 landskampar og skåra 79o landslagsmål for Noreg.

Sidan 2011 er ho gift med den norske landslagspelaren i handball, Einar Koren. Betina Riegelhuth er hennar yngre syster.

Aktiv Riegelhuth debuterte på Noregs landslag 23. september 2003 mot Kroatia, og skåra eitt mål. Sidan 2003 har ho vore med i Noregs tropp til alle meisterskap, med unnatak for VM 2005. Desse åra vann ho EM-gull i 2004 og 2006, VM-sølv i 2007, både OL- og EM-gull i 2008, VM-bronse i 2009, det fjerde rake EM-gullet i 2010, samt sitt fyrste VM-gull i 2011.

I OL-finalen 2008 spela Riegelhuth ein framifrå kamp og skåra ni mål på ti skot. I EM i desember same året vart toppskårar med 51 mål. Ho vart då teken ut på «allstar»-laget som den beste høgrekant-spelaren, noko ho også vart under verdsmeisterskapen 2009 i Kina.

Sesongen 2009/10 spela Riegelhuth for danske FCK Håndbold, ein klubb/firma som vart avvikla etter sesongslutt våren 2010. Ho vende då tilbake til Larvik HK. I det to meisterskaps turneringane, EM 2010 og VM 2011, låg hennar prestasjonar på eit lægre nivå enn før.

Merittar landslag VM 2003: Nr 6 med Noreg EM 2004: Gullmedalje etter 27–25 mot Danmark EM 2006: Gullmedalje etter 27–24 mot Russland VM 2007: Sølvmedalje etter 24–29 mot Russland OL 2008: Gullmedalje etter 34–27 mot Russland EM 2008: Gullmedalje etter 34–21 mot Spania VM 2009: Bronsemedalje etter 26–21 mot Spania EM 2010: Gullmedalje etter 25–20 mot Sverige VM 2011: Gullmedalje etter 32–24 mot Frankrike OL 2012: Gullmedalje etter 26–23 over Montenegro EM 2012: Sølvmedalje etter 31–34 mot Montenegro VM 2013: Nr 5 med Noreg EM 2014: Gullmedalje etter 28–25 mot Spania VM 2015: Gullmedalje etter 31–23 mot Nederland OL 2016: Bronsemedalje etter 36–26 mot Nederland

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Linn-Kristin Riegelhuth» frå , den 23. juli 2012.

Bakgrunnsstoff Profil hos FCK Håndbold Linn-Kristin U. Riegelhuth Landslagsprofiler hos Norges Håndballforbund

Kategori:Norske handballspelarar Kategori:Verdsmeistrar i handball Kategori:Europameistrar i handball Kategori:Olympiske medaljevinnarar i handball Kategori:Olympiske meistrar for Noreg Kategori:Olympiske bronsemedaljevinnarar for Noreg Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 2008 Kategori:Norske deltakarar under sommar-OL 2008 Kategori:Handballspelarar under sommar-OL 2008 Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 2012 Kategori:Norske deltakarar under sommar-OL 2012 Kategori:Handballspelarar under sommar-OL 2012 Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 2016 Kategori:Norske deltakarar under sommar-OL 2016 Kategori:Handballspelarar under sommar-OL 2016 Kategori:Spelarar i Handball-VM 2003 for kvinner Kategori:Spelarar i Handball-VM 2007 for kvinner Kategori:Spelarar i Handball-VM 2009 for kvinner Kategori:Spelarar i Handball-EM 2010 for kvinner Kategori:Spelarar i Handball-VM 2011 for kvinner Kategori:Spelarar i Handball-EM 2012 for kvinner Kategori:Spelarar i Handball-VM 2013 for kvinner Kategori:Spelarar i Handball-EM 2014 for kvinner Kategori:Folk frå Ski