Lavrans Solli () er ein norsk symjar som representerer Bergens Svømme Club.
Solli tok tre gull under junior-NM i Bergen. Distansane var 50, 100 og 200 meter rygg. Han sette også juniorrekord under sommar-OL for ungdom 2010, og fekk bronse på 100 meter rygg. Svømming.no, 20.08.10: Lavrans Solli til finale i YOG med juniorrekord
I mai 2012 sette Solli ny noregsrekord på 100 meter rygg under EM i symjing 2012 i Debrecen med tida 54,83. Han sette også ny nordisk rekord på 50 meter rygg under same EM med 25,28. På begge desse distansane var det han sjølv som hadde den tidlegare noregsrekorden.Bergens Tidende, 24.05.12: Svømte seg rett inn i europatoppen Den nye noregsrekorden på 100 meter rygg vart avgjerande for at Solli fekk representera Noreg under sommar-OL 2012, som «læregut». Svømming.no, 24.06.12: Lavrans Solli fra BSC er klar for OL
I juli 2012 tok Solli sitt tredje ordinære NM-gull i Tøyenbadet i Oslo. NRK.no, 10.07.12: Lavrans Solli tok sitt tredje gull
Lavrans Solli deltok under sommar-OL 2012 saman med symjarane Sara Nordenstam og Ingvild Snildal. Solli sumde 100 meter rygg, og var sju tidelar unna å koma i semifinalen. NRK.no, 29.07.12: Læregutten sju tideler unna semifinale
Under NM i symjing 2013 vann Solli alle dei 7 distansane han deltok i.
Olympiske medaljar Sommar-OL for ungdom 2010 Noreg Bronse på 100 meter rygg Gull på 200 meter rygg (NM 2013) Gull på 4x100 meter fri (NM 2013) Gull på 4x50 meter lag medley (NM 2013) Gull på 50 meter rygg (NM 2013) Bronse på 4x200 meter fri (NM 2013) Gull på 4x50 meter fri (NM 2013) Gull på 100 meter fri (NM 2013) Gull på 4x100 meter lag medley
Kjelder
Kategori:Norske symjarar Kategori:Noregsmeistrar i symjing Kategori:Norske deltakarar under sommar-OL 2012 Kategori:Idrettsutøvarar frå Bergen Kategori:Norske deltakarar under sommar-OL for ungdom 2010 Kategori:Symjarar under sommar-OL 2012