Måndalen Idrettslag (skipa 18. januar 1922) er eit idrettslag i Måndalen i Rauma kommune, Møre og Romsdal. Laget har grupper som driv fotball, tennis, friidrett og skiidrett.
Anlegg Laget sitt første anlegg var hoppbakken Skarebakken, men denne vart lagt ned på 1930-talet.
I 2009 stod Måndalshallen, som er ein idrettshall med kunstgras, klar til bruk. Denne var den første innandørs fotballbanen i kommunen.
I 2011 vart idrettsbanen frå 1952 oppgradert med fast dekke. Banen har 8 løpebanar og kan arrangere nasjonale friidrettsstemne. Banen har òg ny grasmatte der laget spelar sine heimekampar.
I tillegg har laget eiga lysløype og tennisbanar. Alle anlegg ligg ved idrettsplassen ved Vemora i enden av Volladalen.
Fotball Måndalen idrettslag har hatt ei aktiv fotballgruppe. På sitt beste i sesongene 2007-2009 spelte herrelaget i 3. divisjon. I 2011 spelte laget i 4. divisjon. Etter det har laget veksla mellom 5. og 6. divisjon.
På barne- og ungdomsnivå samarbeider laget med Innfjorden idrettslag.
Friidrett I åra 2019 til 2021 arrangerte klubben Moon Valley Run Festival med løpa Klauva opp, 7 Lakes Run og 17 Lakes Run.
Kjende utøvarar Søren Wold, langrenn og hopp Ivar Samseth Vold, langrenn Gunnar Skeie, langrenn Lars Berild, alpint
Referansar
Kategori:Idrettslag i Møre og Romsdal Kategori:Skipingar i 1922 Kategori:Fotballag i Møre og Romsdal Kategori:Rauma kommune