Tuzsjøen (tyrkisk Tuz Gölü, tyder «saltsjøen») er den nest største innsjøen i Tyrkia med eit areal på og ein av dei største hypersalte innsjøane i verda. Han ligg i regionen Sentral-Anatolia, 105 km nordaust for Konya, 150 km sør-søraust for Ankara og 57 km nordvest for Aksaray.

Geografi mini|left|220px|Saltdekte breidder langs Tuzsjøen. Innsjøen ligg i eit tektonisk søkk på det sentrale platået i Tyrkia og får vasstilførsel frå to større elvar, grunnvatn og avrenningsvatn, men har ikkje eit eige utløp. Brakkvassmyrer har oppstått der kanalar og elvar renn ut i innsjøen. Ein finn åkerland kring innsjøen, utanom i sør og sørvest der ein finn vidstrekte saltstepper, som til somme tider av året vert underlagt vatn.

Det meste av året er innsjøen særs grunn, kring 0,4 meter i snitt. Om vinteren løyser saltet seg opp i ferskvatn som vert tilført innsjøen via nedbør eller avrenning (32,9% salinitet). Om sommaren tørar innsjøen inn og etter let seg eit 30 cm tjukt saltlag i august. På denne tida av året vert det henta ut salt frå innsjøen. Tre gruver oprerer ved innsjøen og desse produserer kring 60 % av alt saltet som vert konsumert i Tyrkia.

I 2001 vart Tuzsjøen erklært eit verneområde, inkludert heile vassoverflata og dei omliggande breiddene og somme viktige steppeområde. Ein finn den største hekkande kolonien i Tyrkia av storflamingoen ved innsjøen. Andre fuglar som hekkar her er tundragås og raudfalk.

Galleri

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Lake Tuz» frå , den 16. august 2012. oppgav desse kjeldene:

Tuz Kategori:Endorheiske innsjøar i Asia Kategori:Sentral-Anatolia