Pumori (òg Pumo Ri) er eit fjell i Himalaya på grensa mellom Nepal og Kina, om lag åtte kilometer vest for Mount Everest. Pumori er eit sherpa-ord som tyder «ugift dotter» og blei gitt av George Mallory. Fjellklatrarar omtalar ofte Pumori som «Mount Everests dotter».

Pumori er mykje klatra. Den lettaste ruta har ein vanskegrad på 3 (lett klatring). Ein tysk-sveitsisk ekspedisjon under leiing av Gerhard Lenser førsteklatra fjellet i 1962.

I 2001 lukkast dei sveitsiske ekstremklatrarane Ueli Steck og Ueli Bühler med å førsteklatre vestruta sjølv om dei begge blei tatt av eit snøras under oppstigninga.Elizabeth Hawley: Pumori, west face, new route. I The American Alpine Journal 2001. The Mountaineers Books, 2002, s. 209

Bitoppen Kala Patthar () blir ofte klatra på grunn av utsynet mot Mount Everest, Lhotse og Nuptse frå fjellet sin sørtopp ().

Galleri

Referansar

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Pumori» frå , den 23. august 2012.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Fjell i Nepal Kategori:Fjell i Tibet