Vítězslav Veselý () er ein tsjekkisk friidrettsutøvar frå Hodonin som har tevla i spydkast. Han vart europameister i øvinga i 2012 og verdsmeister i 2013. Sin personlege rekord på 88,34 meter oppnådde han i kvalifiseringa til spydfinalen under sommar-OL 2012.
Aktiv Veselý markerte seg internasjonalt då han kasta 81,20 meter og sette personleg rekord i kvalifiseringa til OL-finalen i spydkast i Beijing i 2008, men i sjølve finalen vart han sist av dei tolv deltakarane med 76,76 m. Året etter var han langt unna å kvalifisere seg til finalegruppa under verdsmeisterskapen i Berlin.
Han forbetra den personlege rekorden til 86,45 m i eit stemne i Olomouc i mai 2010. Seinare i sesongen vart han nummer ni i EM. Veselý var nær ved å vinne medalje då han gjorde sitt best kast for året 2011 under VM-finalen i Daegu, med 84,11 m mangla han 19 cm på bronsemedaljen.
Tidleg i juni 2012 vann Veselý «Diamond League»-stemnet på Bislett stadion i Oslo, med 88,11 m sette han personleg rekord med det lengste kastet i verda så langt i sesongen. Han imponerte ikkje i kvalifiseringa til EM-finalen, hadde berre det tiande lengste kastet. Etter eit mislukka fyrstekast i finalen fekk han i andre omgang til eit kast som målte 83,72 m, nok til å sikre seg EM-tittelen. Derimot imponerte han stort i kvalfiseringa til OL-finalen i London i byrjinga av august, der han med 88,34 m presterte årsbeste i verda. I sjølve finalen sleit han, men klarte til sist 83,34 m, noko som gav han ein fjerdeplass i tevlinga.
Under friidretts-VM 2013 i Moskva slo Veselý til med 87,17 meter i fyrste omgang. Finske Tero Pitkämäki var i to kast nær ved å ta over leiinga, men med eit bestekast på 87,07 m måtte han ta til takk med sølvmedalje. Frå europameisterskapane 2014 og 2016 reiste Veselý med sølvmedalje i begge.
Åra 2008-12, 2016 og 2022 vart Veselý tsjekkisk meister i spydkast.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap OL 2008 i Beijing: Nr 12 – 76,76 m VM 2009 i Berlin: Utslått i kvalifiseringa (75,76 m) EM 2010 i Barcelona: Nr 9 – 77,83 m VM 2011 i Daegu: Nr 4 – 84,11 m EM 2012 i Helsingfors: Gullmedalje – 83,72 m, 49 cm framom Valerij Iordan frå Russland OL 2012 i London: Nr 4 – 83,34 m VM 2013 i Moskva: Gullmedalje – 87,17 m, framom Tero Pitkämäki (87,07 m) EM 2014 i Zürich: Sølvmedalje – 84,79 m, bakom Antti Ruuskanen (88,01 m) VM 2015 i Beijing: Nr 8 – 83,13 m EM 2016 i Amsterdam: Sølvmedalje – 83,59 m, bakom Zigismunds Sirmais (86,66 m) OL 2016 i Rio de Janeiro: Nr 7 – 82,51 m VM 2017 i London: Utslått i kvalifiseringa (75,50 m=nr 26) OL i 2021 i Tokyo: Bronsemedalje – 85,44 m EM 2022 i München: Nr 4 – 84,36 m
Kjelder World Athletics
Denne artikkelen bygger på «Vítězslav Veselý» frå , den 1. september 2012. Denne artikkelen bygger på «Vítězslav Veselý» frå , den 1. september 2012.
Kategori:Tsjekkiske spydkastarar Kategori:Verdsmeistrar i friidrett Kategori:Europameistrar i friidrett for Tsjekkia Kategori:Olympiske bronsemedaljevinnarar for Tsjekkia Kategori:Tsjekkiske deltakarar under sommar-OL 2008 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2008 Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 2012 Kategori:Tsjekkiske deltakarar under sommar-OL 2012 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2012 Kategori:Tsjekkiske deltakarar under sommar-OL 2016 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2016 Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 2020 Kategori:Tsjekkiske deltakarar under sommar-OL 2020 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2020