Horlivka (ukrainsk Горлівка, russisk Горловка, Gorlovka) er ein by i Donetsk oblast (provins) aust i Ukraina. Byen har kring 290 000 innbyggjarar. Han er eit senter for kolgruvedrift og kjemisk industri. Gorlovka statlege pedagogiske institutt for framandspråk har to bygningar i byen. Sidan 2014 har byen vore kontrollert av den såkalla folkerepublikken Donetsk.

Historie Busetnaden vart grunnlagd av Pjotr Gorlov i 1867, men var lite meir enn ei rekkje gruveleirar fram til han raskt voks i 1930-åra.

Under den russiske revolusjonen i 1905 var det ein våpenkonflikt her.

I nyare år er mange av gruvene stengde og folketalet har falle meir enn 10% i løpet av 1990-åra.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Horlivka» frå , den 10. september 2012.

Bakgrunnsstoff Gorlovka

Kategori:Byar i Donetsk oblast Kategori:Busetnader grunnlagde i 1867