Gaustatoppen eller Gausta er eit fjell på 1883 moh. som ligg i Tinn kommune i Telemark fylke. Det ligg rett sørom Rjukan. Fjellet er det høgaste i Telemark fylke.

Gaustatoppen er det punktet i Noreg med størst utsikt, målt i kvadratkilometer. Under ideelle forhold har ein utsikt over eit område på 50 000 km²Store Norske Leksikon: «Gausta», om lag ein sjettedel av arealet av fastlands-Noreg. Til samanlikning kan ein frå Galdhøpiggen (2469 moh.) sjå om lag 35 000 km².

Nær toppen ligg Gaustatoppen turisthytte, populært kalla Gaustahytta. Hytta har enkel servering kvar dag i sommarsesongen og nokre helger utover hausten. Toppen vert vitja av 25000 menneske i året. Gaustatoppen er det høgaste fjellet sør for Jotunheimen, med unntak av Hallingskarvet (1933 moh.) som ligg på den andre sida av Hardangervidda, Høgeloft (1920 moh.) og Ranastonge (1900), begge i Hemsedal.

Ein kjem til toppen ved å køyre frå Rjukan mot Gaustablikk og Gaustablikk Høyfjellshotell. Inne i fjellet går det ein sesongopen bane som frakter folk frå Langefonn ved foten av fjellet og opp til toppen.

Bilde av Gaustatoppen

Kjelder

Skildring av Gaustatoppen hjå etojm.com.

Denne artikkelen bygger på «Gaustatoppen» frå , den 11. august 2005.

Kategori:Fjell i Telemark Kategori:Geografi i Tinn Kategori:Turistmål i Telemark