Too Old to Rock 'n' Roll: Too Young to Die! er det niande studioalbumet til det britiske rockebandet Jethro Tull, spelt inn i desember 1975 og gjeve ut i 1976. Dette er det første Tull-albumet med John Glascock på bass og korvokal. Too Old to Rock 'n' Roll: Too Young to Die! er det siste konseptalbumet til Jethro Tull og følgjer soga om Ray Lomas, ein aldrande rockeartist som held seg aktuell med å halde følgje med endringar i dei musikalske trendane.
2002-utgåva av albumet inneheldt to bonusspor, som ikkje kom med på den originale LP-plata, «Small Cigar» og «Strip Cartoon».
Innspeling Som det førre albumet deira, Minstrel in the Gallery, spelte bandet inn albumet i Maison Rouge Mobile Studio. Dei spelte inn «Too Old to Rock'n'Roll: Too Young to Die!» og «The Chequered Flag (Dead or Alive)» i lag med det unytta songane «Salamander's Rag Time», «Commercial Traveller» og «Advertising Man» (uferdig akkompagnement) den 19. og 20. november 1975, «Big Dipper» den 3. januar 1976, «Pied Piper» og «Quizz Kid» den 4. og 5. januar, «Taxi Grab», «Pied Piper», «Crazed Institution» og «Old Rocker (Quizz Kid intro)» den 8. januar, «From a Dead Beat to an Old Greaser», «Salamander» og «Pied Piper» i tillegg til det unytta sporet «A Small Cigar» den 12. januar, og til slutt «Bad-Eyed and Loveless» i lag med orkesterutgåva av det unytta sporet «A Small Cigar» den 27. januar 1976.
Bakgrunn Jethro Tull-frontmannen Ian Anderson sa at poenget med albumet var å illustrere korleis musikkstilen hans kunne gå av moten, men at om ein berre held seg til denne stilen, så vil alt som ein gong var ute av moten kome attende igjen.
Anderson sa at konseptet kom etter alt ståket kring den nye punkrørsla, og var ikkje meint å vere sjølvbiografisk med han sjølv som ein aldrande låtskrivar, sidan han framleis var ung på denne tida (26-27 år). «Ein del av pressa tok albumet vårt som eit forsøk på å ta pønkarane.» Anderson sa òg at grunnlaget for konseptet er «å syne at denne industrien er syklisk, og at om du held ut lenge nok, så vil du kome på moten att.»
Konsept Den opphavlege ideen for albumet var at det skulle bli ein rockemusikal, liknande The Kinks sine album på midten av 1970-åra (som Preservation Act 1, Preservation Act 2 og Schoolboys in Disgrace). Ein følgjer ei eldre og pensjonert rockestjerne kalla Ray Lomas som vinn pengar på ein dekadent spørjekonkurranse, men finn ut at sidan samfunnet har endra seg så mykje at det ikkje lenger finst nokon som likar han, er det ingen måtar for han å glede seg over pengane på same måten han kunne i 1950-åra. Han vel derfor å ta sjølvmord på ein motorsykkel, men mislukkast og hamna i koma på sjukehus. Då han vaknar oppdagar han at samfunnet igjen har endra seg og at kles- og musikkstilen hans igjen er populær. I tillegg gjer ny medisin at han vert tjue år yngre. Han vart ein sensasjon over natta hos ungdomen som no kler seg som han og prøver å etterlikne han.
Mykje av soga er berre forklart i ein teikneserie som følgde albumet. Songane på albumet følgjer ikkje teikneserien eksakt, og tar ikkje med alle detaljar og stundom er det gjort endringar i handlinga.
Songen «Big Dipper» referer til berg- og dalbanen Big Dipper i Blackpool Pleasure Beach.
Mottaking
Rolling Stone klaga over «den uryddige soga» på albumet og sa at «Ian Anderson bør halde seg til musikken, for han er definitivt ikkje ein historieforteljar.» Likevel hylla den same meldinga musikken til Anderson, og gitarsoloane til Martin Barre.
Chris Welch skreiv for Melody Maker og gav plata middels kritikk. Han sa at han «lengtar etter at rytmen til Barriemore Barlow bryt laus, eller at gitaren til Martin Barre kjem feiande», samstundes som han trekte fram poetikken til Anderson.
AllMusic kalla albumet «eit av dei meir uvesentlege albuma i katalogen til Jethro Tull».
Salslister Too Old to Rock 'n' Roll: Too Young to Die! selde dårlegare enn det førre albumet, Minstrel in the Gallery (1975) og oppfølgjaren Songs from the Wood (1977). Det nådde 14. plassen i USA, 25. plassen i Storbritannia, 10. plassen i Austerrike, Noreg og Danmark,Danish Charts at DanskeHitLister.dk og 27. plassen i Sverige. Det var det einaste albumet til Jethro Tull frå 1970-åra som ikkje har seld til gullplate.
Utgjevingar Too Old to Rock 'n' Roll: Too Young to Die! vart ommastra i 2002 og CD-utgåva kom med to bonusspor som ikkje kom med på det originale albumet, «Small Cigar» og «Strip Cartoon».
Albumet kom sidan ut i ein plateboks kalla Too Old to Rock 'n' Roll: Too Young to Die! - The TV Special Edition i november 2015. Boksen inneheld songar som ikkje før var gjevne ut og andre unytta spor frå innspelinga, alle miksa på ny av Steven Wilson, med eit hefte på 80 sider som fortalte om innspelinga av albumet og ein video frå eit TV-show spelt inn i 1976.JethroTull.com: Jethro Tull - Too Old to Rock 'n' Roll: Too Young to Die! (1976/2015) The TV Special Edition remixed by Steven Wilson in 2015
Innhald
«A Small Cigar» kom opphavleg ut på Nightcap i 1993. «Strip Cartoon» kom først ut som B-sida til singelen «The Whistler» (frå Songs From The Wood) i 1977, og kom ut på LP og CD i plateboksen 20 Years of Jethro Tull i 1988.
40-årsjubileumsutgåva frå 2015 - TV special
Medverkande Jethro Tull Ian Anderson – solovokal, akustisk gitar, fløyte, munnspel, ekstra elektrisk gitar og perkusjon Martin Barre – elektrisk gitar John Evan – piano, klaverinstrument John Glascock – korvokal, bassgitar Barriemore Barlow – trommer, perkusjon
Andre medverkande David Palmer – saksofon (på spor 5), piano (på spor 11), orkestrering og dirigent Maddy Prior – korvokal (på spor 8) Angela Allen – korvokal (på spor 2 & 7)
Teknisk Robin Black – lydteknikar Michael Farrell – design, illustrasjonar David Gibbons – design, illustrasjonar
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Too Old to Rock 'n' Roll: Too Young to Die!» frå , den 11. mai 2019. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Jethro Tull-album Kategori:Musikkalbum frå 1976 Kategori:Konseptalbum Kategori:Island Records-album Kategori:Chrysalis Records-album Kategori:Rockeoperaer Kategori:Capitol Records-album Kategori:Album produserte av Ian Anderson