Per Ditlev-Simonsen () er ein norsk skipsreiar og tidlegare politikar for Høgre. Han var stortingsrepresentant 1981–1985, forsvarsminister 1989–1990 og ordførar i Oslo frå 1995 til 2007. Ditlev-Simonsen var partnar i reiarlaget Sverre Ditlev-Simonsen & Co (SDS) i ei årrekkje, og har hatt ei rad ulike toppstillingar i SDS/Eidsiva-familien av selskap. Frå midten av 1970-talet var han aktiv i Oslo Høgre, med ei rekkje ulike verv, og avslutta ein lang politisk karriere med å ha ordførarvervet i ein tolvårsperiode frå 1995. Ditlev-Simonsen vart pressa til å gå av som ordførar og trekkje seg ut av norsk politikk i 2007 etter at avisa Dagens Næringsliv avslørte at han hadde snytt på skatten ved bruk av ein hemmeleg bankkonto i Sveits.

Bakgrunn og yrkeskarriere Per Ditlev-Simonsen, kalla «Diffen» blant vener,«På tomannshånd», Aftenposten Aften, 16. juni 1984 vart fødd i Oslo som son av skipsreiaren Sverre Ditlev-Simonsen og Lily Kaurin. Han er dermed soneson av reiaren og politikaren Olaf Ditlev-Simonsen og brorson av reiaren og idrettsutøvaren Olaf Christian Ditlev-Simonsen. Ditlev-Simonsen hadde skipsfartsbakgrunn på farssida og embetsmannsbakgrunn på morssida. Farfaren, faren og to onklar var skipsreiarar, medan morfaren nedstamma frå ei lang rad av prestar. Barndomsheimen var prega av sterk familiekjensle «kombinert med samfunnsengasjement og interesse for kunst og kultur.»

Ditlev-Simonsen gjekk på den private folkeskulen Riis gymnas. Han tok examen artium på realfagslinja i 1950, og året etter studentfaglinja ved Oslo Handelsgymnasium. Den vidare utdanninga synte den tidleg utstaka karrierevegen – han skulle gå inn i familiereiarlaget. Han avtente verneplikta i Hans Majestet Kongens Garde, der han tok eit befalsskurs, og studerte ved Stanford University i California, der han vart uteksaminert med Bachelor of Arts i økonomi og historie i 1955. Han studerte òg språk i Frankrike, og arbeidde ei tid innan sjøforsikring og skipsmekling ved Willies, Faber & Dumasi i London.

Frå 1955 var Per Ditlev-Simonsen 1993 kompanjong i faren sitt reiarlag, Sverre Ditlev-Simonsen & Co (SDS). Han var administrerande direktør i SDS Drilling A/S frå 1974 til 1984, og arbeidande styreformann frå 1984 til 1989. Frå 1990 til 1992 var han administrerande direktør i Skipsaksjeselskapet Eidsiva, og arbeidande styreformann same stad frå 1993 til 1999. Han var òg styreformann i Sea Goddes Cruises Ltd. 1982–1999, Labogas VIII KS 1991–1996, Labogas XVI KS 1991–1994, SDS Shipping og Offshore A/S 1991–1993, Christiania Bank og Kredittkasse 1991–1996, Norske Liv 1993–1999, og K-Fondsforsikring A/S 1997–1999. Han var styremedlem i Christiania forsikring 1999–2001.

Politisk arbeid mini|venstre|Per Ditlev-Simonsen ved overleveringa av Oslos tidskapsel frå Oslo kommune til Oslo havn.

Det var Oslo Høgres Rolf Stranger som førte Ditlev-Simonsen inn i politikken. Rekrutteringa innan Høgre kom på den tida vesentleg frå ungdomsorganisasjonane Unge Høgre og Den Konservative Studenterforening, og Stranger var oppteken av at partiet òg måtte få nye medlemmar frå næringslivet. Ved stortingsvalet 1973 vart Ditlev-Simonsen vald inn på Stortinget som 3. vararepresentant frå Oslo, og seinare gjenvald i 1977 som 1. vararepresentant. Særleg i den andre perioden møtte han hyppig, og ved stortingsvalet 1981 kom han inn som fast representant, og var medlem av Stortingets finanskomité og delegasjonen til Den interparlamentariske union (IPU). I 1985 ynskte han ikkje å stille til gjenval.

Ditlev-Simonsen kom inn i Oslo bystyre og formannskap ved kommunevalet i 1975, og vart sitjande i to periodar. Han var medlem av helserådet og Helse- og sykehusutvalget (varaformann 1976–1979), i ei tid der dei kommunale sjukehusa i Oslo gjennomgjekk ei omfattande utbygging og modernisering. I 1982 etterfølgde han Jan P. Syse som formann i Oslo Høgre, og sat i denne posisjonen inntil 1988. Han sat òg i Høgres sentralstyre frå 1982 til 1991, dei første åra i kraft av formannsvervet i Oslo Høgre.

Etter stortingsvalet 1989 vart Jan P. Syse si regjering mellom Høgre, Kristeleg Folkeparti og Senterpartiet danna, og frå 16. oktober 1989 var Ditlev-Simonsen statsråd i Forsvarsdepartementet. Ditlev-Simonsen hadde vore oppteken av Forsvaret sidan ungdomen, og var sterk tilhengar av det transatlantiske samarbeidet i tryggingspolitikken. Medan han var forsvarsminister fall Berlinmuren og Tyskland vart gjenforeint. Dette markerte slutten på den kalde krigen, og kravde nye idear om utviklinga av forsvaret. Ditlev-Simonsen tok initiativet til å opprette ein forsvarskommisjon der Kåre Willoch var formann. Jan P. Syse si regjering gjekk av den 3. november 1990.

Ved kommunevalet i 1995 vart Ditlev-Simonsen nominert til toppkandidat på Oslo Høgre si valliste. Ved konstitueringa av bystyret i oktober same år vart han vald til ordførar, og han sat i tre periodar fram til 2007.

Avgang mini|Ditlev-Simonsen forklarar seg i forretningsutvalet. I august 2007 avslørte avisa Dagens Næringsliv at Ditlev-Simonsen på 1990-talet hadde ein bankkonto i den sveitsiske banken som då heitte Schweizerische Kreditanstalt. Dette hadde han ikkje oppgjeve til norske skattemyndigheoter, og Ditlev-Simonsen erkjende dette same dag. Kontoen vart ifølgje han sjølv avslutta før han vart ordførar i Oslo. Han vart oppfordra til å trekkje frå valkampen til Oslo Høgre fram mot kommunestyrevalet 10. september 2007 av høgreleiaren Erna Solberg, fordi saka auka fokuset på den private økonomien hans og skattejuks og ikkje på politikken til partiet. Som følgje av mediemerksemda annonserte Ditlev-Simonsen 22. august at han ville gå av som ordførar. Avskjedssaka vart teken opp på møte i Oslo bystyre 29. august 2007 og han vart gjeven avskjed.

Per Ditlev-Simonsen er far til Cecilie Ditlev-Simonsen, tidlegare informasjonsdirektør i Norsk Hydro, og Sverre Ditlev-Simonsen. Dei innrømde begge 20. august 2007 at dei òg hadde hatt hemmelege kontoar i Sveits, kvar på 750 000 kroner.

Utmerkingar Ditlev-Simonsen vart utnemnd til storriddar av Den islandske falkeorden i 1997.Falkaordan 1997 , Forseti Íslands. I 2013 mottok han St. Hallvard-medaljen frå Oslo kommune.«Utdeling av St.Hallvard-medaljen i Oslo rådhus», Oslo kommune, 21. juni 2013.

Interesser I ungdomsåra spelte Ditlev-Simonsen bandy i sportsklubben Ready, og er bokført med to ungdomslandskampar mot Sverige. Han var seinare formann for klubben 1962–1963. Han var òg engasjert i styret for Ski-VM 2011.

Frå 1984 til 1999 åtte han Trolltun i Vågå, eit anlegg med omhyggeleg vølte gamle lafta hus.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Per Ditlev-Simonsen» frå , den 20. mai 2013.

Bakgrunnsstoff

Per Ditlev-Simonsen hjå Oslo bystyre

Kategori:Norske forsvarsministrar Kategori:Statsrådar i Regjeringa Syse Kategori:Høgrestatsrådar Kategori:Stortingsrepresentantar frå Høgre‎ Kategori:Stortingsrepresentantar for Oslo Kategori:Stortingsrepresentantar 1981-1985 Kategori:Politikarar frå Oslo Kategori:Høgreordførarar i Oslo Kategori:Norske skipsreiarar