Brillepetrell, Procellaria conspicillata er ein sjøfugl i stormfuglfamilien. Han lever i Sør-Atlanteren nord for den antarktiske konvergensen, og hovudsakleg i eit belte mellom 25 og 41° S. Arten har berre ein hekkestad, på det vestre platået på Inaccessible_Island, Tristan da Cunha. Dette er ein av dei største petrellane som hekkar i hòler.
Skildring Dette er ein stor petrell, ca 55 cm i lengd, med mørk fjørdrakt. Han har karakteristiske kvite band rundt auga, og nebbet er gult. Levetida deira er gjennomsnitt 26,4 år.BirdLife International (2012) Dei et blekksprutar, småfisk og krepsdyr.
Denne petrellen hekkar årleg og vil leggje eitt egg i kullet. Reiret ligg i hòler langs elvebreidder eller i myrer.
Dette taksonet var tidlegare rekna å vere ein underart av kvithakepetrell, Procellaria aequinoctialis,Clementslista versjon 6.3 frå desember 2008 men er i dag kjent som ein sjøvstendig art.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Spectacled Petrel» frå , den 24. oktober 2012. BirdLife International (2012) Species factsheet: Procellaria conspicillata . Henta frå http://www.birdlife.org den 24. oktober 2012.
Referansar
Bakgrunnsstoff
kategori:stormfuglfamilien