Peter Gabriel er det andre soloalbumet til den engelske musikaren Peter Gabriel. Det kom ut i 1978. Albumet er det andre med same namn som artisten. Det vart produsert av gitaristen Robert Fripp, som påverka albumet med bruk av «frippertronics» på sporet «Exposure».

Albumet selde ikkje like bra som det første albumet hans, Peter Gabriel, men nådde tiandeplassen på albumlista i Storbritannia. «Mother of Violence» vart skriven av Gabriel og den første kona Jill Gabriel.

I USA vart albumet kalla Peter Gabriel II. Albumet vert ofte kalla Scratch, som syner til plateomslaget av Hipgnosis. På strøymingstenester vert albumet kalla Peter Gabriel 2: Scratch.

Albumet var opphavleg meint som ein del av ein laust basert trilogi i lag med Robert Fripp sitt Exposure og Daryl Hall sitt Sacred Songs. Alle tre var produserte av Fripp.

Mottaking

I NME i 1978 skreiv Nick Kent: «Det uforskamma venstreorienterte belegget gjorde meg først kald, og det er først no at styrkane til albumet byrja å kome gjennom til meg ... når ein har kome seg forbi det avvæpnande ikkje-fokuserte belegget, er det eit stille, merkverdig talent i arbeid her - stille på det settet til den langsamt brennande lunta på 'Mother of Violence' der pianoarbeidet til Roy Bittan er lengre bak enn noko av det han gjorde for Bruce Springsteen eller David Bowie. Nærare rota av albumet, er det ein reinleik, ein styrke ved dei individuelle songane som er nok til å markere Gabriel som ein mann som nærmar seg sitt kunstnariske senit.»Nick Kent: «Gabriel: The Image Gets a Tweak». NME. 10. juni 1978

Innhald

Alle songane er skrivne av Peter Gabriel, utanom der andre er nemnde.

Medverkande Peter Gabriel – vokal; orgel på 11; piano på 2; synthesizer på 5, 7 Tony Levin – bassgitar på 1, 5, 7, 8, 10, 11; Chapman stick på 2, 4, 9; kontrabass på 6; blokkfløytearrangement på 6, 9; korvokal på 1, 4, 7, 10, 11 Sid McGinnis – elektrisk gitar på 1, 4, 8, 9, 10, 11; akustisk gitar på 2, 3; steelgitar på 3, 4, 5, 6, 9, 11; mandolin på 2; korvokal på 7 Larry Fast – synthesizer og handsamingar på 1, 2, 5, 7, 10 Robert Fripp – elektrisk gitar på 1, 3, 5, 10; akustisk gitar på 5; Frippertronics på 8 Bayete – klaverinstrument på 2, 4, 6, 7 Roy Bittan – klaverinstrument på 1, 3, 5, 6, 10, 11 Jerry Marotta – trommer på alle utanom 3; korvokal på 1, 4, 10, 11 Tim Capello – saksofon på 10, 11 George Marge – blokkfløyter på 6, 8, 9 John Tims – insekt på 3

Salslister Liste (1978)PlasseringAustralia (Kent Music Report)50UK Albums Chart10US Billboard Pop Albums45

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Peter Gabriel (1978 album)» frå , den 25. oktober 2012 og 15. mars 2020 kjelder=.

Kategori:Peter Gabriel-album Kategori:Musikkalbum frå 1978 Kategori:Plateomslag av Hipgnosis Kategori:Album produserte av Robert Fripp Kategori:Charisma Records-album