Fernand Grosjean () var ein sveitsisk, tidlegare skirennar frå Genève. Han vann sølvmedaljen i storslalåm under alpin-VM 1950.

Aktiv Grosjean deltok i 1948 Vinter-OL i heimlandet. I St. Moritz gjorde han det best i utforløypa, der han kom på åttandeplassen. To år seinare kom han på andreplass i storslalåm-tevlinga under verdsmeisterskapen i Aspen i deltstaten Colorado. Med tida 2.35,7 var han 1,3 sekundar bak verdsmeisteren Zeno Colò frå Italia.

Grosjean heldt fram med å gjere det best i storslalåm, både under Vinter-OL 1952 i Oslo og to år deretter, i alpin-VM 1954 i Åre kom han på 11. plass i øvinga.

Mellom 1947 og 1955 vann Grosjean fire sveitsiske meisterskap. Den fyrste meistertittelen kom i alpin kombinasjon, medan dei tre siste titlane vann han i spesialøvinga storslalåm; 1952, -54 (delt med Georges Schneider) og -55.

I 1952 vann han i Chamonix slalåmrennet i den såkalla Arlberg-Kandahar-tevlinga.

Bakgrunnsstoff

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Fernand Grosjean» frå , den 7. november 2012.

Denne artikkelen bygger på «Fernand Grosjean» frå , den 7. november 2012.

Kategori:Sveitsiske alpinistar Kategori:Sveitsiske deltakarar under vinter-OL 1948 Kategori:Alpinistar under vinter-OL 1948 Kategori:Sveitsiske deltakarar under vinter-OL 1952 Kategori:Alpinistar under vinter-OL 1952