Yukio Kasaya () var ein japansk skihoppar frå Yoichi på Hokkaido. Han vart olympiameister i normalbakken i 1972 og vann VM-sølv i normalbakken i 1970.
Aktiv Kasaya deltok i dei internasjonale skimeisterskapane frå 1964, utan dei heilt store resultata. Fyrst då han vart nummer ti i den tysk-austerrikske hoppveka 1969/70, nærma han seg verdstoppen. Likevel var det svært overraskande at han skulle ta VM-sølv i normalbakken under meisterskapen i Štrbské Pleso i februar 1970. I 1971-sesongen vart Kasaya nummer to i Holmenkollen, fire poeng bakom Ingolf Mork.
Sesongen 1971/72 vann Kasaya dei tre fyrste renna i den tysk-austerriske hoppveka, og reiste så heim for å førebu seg til vinter-olympiaden på heimebane i Sapporo. Dermed overlet han hoppvekesigeren til Ingolf Mork. Kasaya vart olympisk meister i normalbakken under Sapporo-OL. Han vann ein klar siger føre landsmennene Akitsugu Konno og Seiji Aochi, som ordna storeslem for Japan. Kasaya var den fyrste asiat som vann ein gullmedalje i eit vinter-OL, noko som har gjeve han ein særeigen status i japansk idrett. I storbakken vart han nummer sju.
I sin siste internasjonale sesong som skihoppar vart Kasaya under verdsmeisterskapen i Falun i 1974 nummer åtte i storbakken og nummer ni i normalbakken. Straks etter vart han nummer to i hopprennet i Holmenkollen, der Walter Steiner vann klart.
Medaljar og besteplasseringar i internasjonale meisterskap OL 1964 i Innsbruck: Nr 11 i storbakken VM 1966 i Oslo: Nr 17 i normalbakken OL 1968 i Grenoble: Nr 20 i storbakken VM 1970 i Štrbské Pleso: Sølvmedalje i normalbakken OL 1972 i Sapporo: Gullmedalje i normalbakken VM 1974 i Falun: Nr 8 i storbakken
Kjelder
Sportsboken, aktuelle årgangar
Denne artikkelen bygger på «Yukio Kasaya» frå , den 14. desember 2012.
Kategori:Japanske skihopparar Kategori:Olympiske meistrar for Japan Kategori:Olympiske medaljevinnarar i skihopping Kategori:Japanske deltakarar under vinter-OL 1964 Kategori:Skihopparar under vinter-OL 1964 Kategori:Japanske deltakarar under vinter-OL 1968 Kategori:Skihopparar under vinter-OL 1968 Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 1972 Kategori:Japanske deltakarar under vinter-OL 1972 Kategori:Skihopparar under vinter-OL 1972 Kategori:Japanske deltakarar under vinter-OL 1976 Kategori:Skihopparar under vinter-OL 1976