Det sørlege triangelet (frå latin Triangulum Australe) er eit stjernebilde på den sørlege himmelhalvkula. Det vart første gongen avbilda på himmelkula som Triangulus Antarcticus av Petrus Plancius i 1589, og seinare meir nøyaktig og med det noverande namnet av Johann Bayer i hans Uranometria frå 1603. Den franske oppdagaren og astronomen Nicolas Louis de Lacaille kartla og gav dei lysare stjernene Bayernemning i 1756.
Alfa Trianguli Australis, kalla Atria, har 2. storleiksklasse og ei oransje kjempe og den mest lyssterke stjerna i stjernebiletet, i tillegg til den 42. mest lyssterke på nattehimmelen. Dei andre to stjernene i trekanten er to kvite hovudseriestjerne Beta og Gamma Trianguli Australis. Sjølv om stjernebiletet liigg i Mjølkevegen og har mange stjerner, er det ikkje mange kjende djupromsobjekt. Kjende objekt er mellom andre den opne hopen NGC 6025 og den planetariske tåka NGC 5979.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Triangulum Australe» frå , den 9. juli 2016. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff
The Deep Photographic Guide to the Constellation: Det sørlege triangelet Starry Night Photography: Det sørlege triangelet Det sørlege triangelet på Constellation Guide
Kategori:Stjernebilete Kategori:Sørlege stjernebilete