Collingwood er ein liten by som ligg i det nordvestlege hjørnet av Sørøya på New Zealand ved Golden Bay.
Geografi Collingwood ligg i den vestlege delen i Golden Bay ved munningen til Aorere-elva. I denne byen endar riksvegen State Highway 60.
Historie Byen vart frå først av kalla Gibbstown etter den newzealandske politikaren William Gibbs, men fekk seinare namnet Collingwood etter admiral Cuthbert Collingwood, lord Nelson sin nestkommanderande i slaget ved Trafalgar. Under gullrusjåra på 1850-talet vaks folketalet i byen sterkt, og det kom framlegg om å gjera han til den nye hovudstaden på New Zealand. Byen vart sterkt øydelagd av brann i 1859 og på nytt i 1904.
Turisme Byen er eit senter for økoturisme på grunn av nærleiken til Kahurangi National Park og Farewell Spit naturreservat.
Referansar
Denne artikkelen bygger på «Collingwood, New Zealand» frå , den 10. januar 2013.
Kategori:Byar på New Zealand Kategori:Tasman på New Zealand