Santali er eit mundaspråk som blir tala av rundt 6,2 millonar menneske i aust i India og i Bangladesh; dels også i Bhutan og Nepal. Dei aller fleste av desse i delstatane Jharkhand, Assam, Bihar, Orissa, Tripura, og West Bengal i India.

Språket kan skrivast med det latinske alfabetet, men det blir også skrive med hindi eller bengali-skrift, eller eit eige skriftsystem for santali, ol chiki.

Bruk Av dei som har santali til morsmål, kan 10%–30% lese og skrive språket. Av dei som har lært seg santali som andrespråk, kan 25%–50% lese og skrive. Det blir undervist i santali i grunnskulen i India.Ethnologue

Misjonspresten Lars Skrefsrud omsette dei fire evangelia til santali, og Paul Olaf Bodding førte dette arbeidet vidare - i 1906 var Det nye testamentet omsett til santali, og i 1914 var heile Bibelen omsett til santali. Bodding omsette også salmar og andaktstekster for barn.SNL-biografi Utanom den religiøse litteraturen, skreiv Skrefsrud og Bodding ned mange tekstar med folkedikting.SNL

Grammatikk

Som eit døme på oppbygginga av språket, gir vi her nokre glimt av grammatikken i sanatali.

Lydlære Konsontantar

Santali har 21 konsontantar i tillegg til 10 lukkelydar som blir brukt i visse lånord.   Bilabial Alveolar Retroflex Palatal Velar Glottal Lukkelydar ustemd p (ph) t (th) ʈ (ʈh) c (ch) k   stemd b (bh) d (dh) ɖ (ɖh) ɟ (ɟh)<j jh> g (gh)   Frikativar   s       h Nasalar m n   ɲ ŋ   Vibrantar   r         Flappar     ɽ       Lateralar   l         Halvvokalar w     j <y>    

I heimlege or er motsetninga mellom stemde og ustemde lukkelydar nøytralisert i endinga av ord.

Vokalar

Santali har 8 ikkje-nasale og 6 nasale vokalar.

  Fremre Midtre Bakre Høg i ĩ   u ũ Mellomhøg e ə ə̃ o Mellomlåg ɛ ɛ̃   ɔ ɔ̃ Låg   a ã  

Santali har mange diftongar.

Morfologi

Santali er som andre mundaspråk, eit agglutinerande språk som brukar suffiksar.

Substantiv Tal

Det er tre numerus (tal): singularis, dualis og pluralis.

Singularis seta 'hund' Dualis seta-kin 'to hundar' Plural seta-ko 'hundar'

Kasus

Kasusendinga kjem etter numerus-endinga.

Kasus Markør Funksjon Nominativ -Ø Subjekt og objekt Genitiv -rɛn (levande)-ak', -rɛak' (ikkje-levande) Possessor Komitativ -ʈhɛn/-ʈhɛc' goal, place Instrumental lokativ -tɛ Instrument, årsak Sosiativ -são Tilknyting Allativ -sɛn/-sɛc' Retning Ablativ -khɔn/-khɔc' Opphav Lokativ -rɛ Plassering

Pronomen

Dei personlege pronomena i Santali skil mellom inkluderande og ekskluderande førsteperson og anafor og demonstrerande tredjeperson.

  Singularis Dualis Pluralis 1. person Ekskluderande iɲ ɘliɲ alɛ Inkluderande   alaŋ abo 2. person am aben apɛ 3. person Anafor ac' ɘkin ako Demonstrativ uni unkin onko

Pronomena skil mellom levande ('kven?') , ikkje-levande ('kva?') og referens ('kva for?').

  Levande Ikkje-levande Referens ɔkɔe oka Ikkje-referens cele cet'

Dei ubestemte pronomena er:

  Levande Ikkje-levande 'nokon' jãheã jãhã 'somme' adɔm adɔmak 'ein annan' ɛʈak'ic' ɛʈak'ak'

Talrekka

Dei viktigaste tala er desse:

1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 20 100 mit' bar pɛ pon mɔ̃ɽɛ̃ turui eae irəl arɛ gɛl isi sae

Verb

Bøying ut frå subjekt

  Singularis Dualis Pluralis 1. person Ekskluderande -ɲ(iɲ) -liɲ -lɛ Inkluderande   -laŋ -bon 2. person -m -ben -pɛ 3. person -e -kin -ko

Bøying ut frå objekt

Transitive verb kan bøyast ut frå situasjonen til objektet.

  Singularis Dualis Pluralis 1. person Ekskluderande -iɲ- -liɲ- -lɛ- Inkluderande   -laŋ- -bon- 2. person -me- -ben- -pɛ- 3. person -e- -kin- -ko-

Syntaks

Santali er eit SOV-språk.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Santali (language)» frå , den 17. januar 2013.

Bakgrunnsstoff "We Santhals" nettside

Kategori:Einskildspråk Kategori:Språk i India