Joachim de Knagenhielm () var den første amtmannen i Nordre Bergenhus amt, som var namnet på Sogn og Fjordane fylke frå 1763 til 1919.

Utdanning og tidleg karriere Joachim de Knagenhielm tok juridisk embetseksamen i København i 1757. Deretter vart han sekretær for ein kommisjon som skulle regulera grensa mot Sverige. Kring 1760 vart han fullmektig hjå stiftamtmannen i Bergenhus.Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane, Kulturhistorisk Leksikon: Sogn og Fjordane fylke - oppretta i 1763 Bergenhus stiftamtmann var eit amt som frå 1662 dekte det tidlegare Bergenhus hovedlen, som tilsvarar fylka Hordaland, Sogn og Fjordane og Sunnmøre i dag.Bergenhus stiftamt frå Lokalhistoriewiki

Nordre Bergenhus amt Knagenhielm tok sjølv initiativ til å stifte Nordre Bergenhus amt. Han jobba som som fullmektig hjå stiftamtmann i Bergen, Ulrik Fredrik Cicignon, og den aldrande stiftsamtmannen var glad for at Knagenhielm kunne avlaste han. Knagenhielm søkte i 1762 kongen om å få verte fut for den delen av stiftsamtet som galdt den statlege forvaltninga, medan gamlefuten kunne sitje att med det som var knytt til kyrkja. Knagenhielm fekk avslag, men søkte på nytt om å få skilt ut nordre del av amtet som eige amt.NRK Fylkesleksikon Joachim de Knagenhielm I ein alder av 36 år vart han amtmann og busette seg på slektsgodset i Kaupanger. Knagenhjelm sat i dette embetet i åtte år. I 1762/63 hadde han kome i vanskar i samband med inndrivinga av den såkalla ekstraskatten, noko som gjorde at han i 1771 vart forflytta til Bodø. Her vart han seinare utnemnd til fylkesmann i Nordland der han vart verande fram til sin død i 1796.Timberlid, Jan Anders, Kaupanger Hovedgård anno 1763 www.sfj250.no

Familie Joachim de Knagenhielm var nest eldste son i ein søskenflokk på 12. Familien Knag tok i 1721 over Kaupanger Hovedgård,NRK Fylkesleksikon Kaupanger Hovedgård same året fekk familien tillagt adelsnamnet –hjelm. I 1763 var det søstera, enkefru Wenche von der Lippe Knagenhjelm, som styrte godset etter at mannen kaptein Niels Peterson Sunde var død i 1754. I dei åra broren sat som amtmann, var det ho som dreiv godset ved hjelp av ein forvaltar.Timberlid, Jan Anders, Kaupanger Hovedgård anno 1763 www.sfj250.no

Referansar

Kategori:Norske amtmenn Kategori:Fylkesmenn i Sogn og Fjordane Kategori:Fylkesmenn i Nordland