mini|Olden kyrkje Olden er eit kyrkjesokn i Nordfjord prosti i Den norske kyrkja. Soknekyrkje er Olden kyrkje i Olden.
I tillegg til den noverande soknekyrkja har kyrkjelyden Olden gamle kyrkje som var soknekyrkje frå 1759 til 1934, medan Ljosheim kapell i Oldedalen er eigd av bygdefolket der.
Fram til prestegjeldsordninga vart lagt ned i 2004 høyrde Olden sokn til Innvik prestegjeld.
Olden sokn ligg under Stryn kyrkjelege fellesråd.
Bakgrunnsstoff Om Olden sokn på nettstaden til Den norske kyrkja Geistleg inndelingskart (1979)
kategori:Stryn kommune kategori:Sokn i Nordfjord prosti