Espen Rian () er ein norsk tidlegare kombinertrennar frå Stadsbygd. Han var med på det norske firemannslaget som vann bronsemedalje i lagtevlinga under Ski-VM 2007. Frå NM-tevlingar fekk han med seg fem bronsemedaljar.
Karriere Rian debuterte i verdscupen 29. desember 2001 i Oberwiesenthal, der han kom på 22. plass i sprintøvinga. I november og desember 2006 oppnådde han to plasseringar mellom dei ti første i verdscupen. Den beste plasseringa i verdscupen vart ein femteplass i Holmenkollen i 2008-sesongen.
Under VM 2007 i Sapporo var han med på å ta bronse i lagtevlinga med det norske laget, saman med Petter Tande, Magnus Moan og Håvard Klemetsen. Individuelt vart han nummer åtte i normaløvinga med to hopp i skibakken og 10 km langrenn.
Rian var reserve til vinter-OL 2010 i Vancouver. Då Ole Christian Wendel vart sjuk og reiste heim, reiste Rian til Canada. Han deltok i den øvinga då det vart hoppa i den store bakken og vart nummer 35, dessutan var han med på Noregs lag som kom på femteplass i lagtevling.
Besteplasseringar i internasjonale meisterskap 2007: Nr 8 i normalprogrammet, bronsemedalje i lag under Ski-VM i Sapporo 2009: Nr 18 i halvprogrammet i verdsmeisteskapen i Liberec 2010: Nr 5 i lagtevling i vinter-OL i Vancouver
Besteplasseringar i internasjonale renn 2001/22: Nr 22 i Oberwiesenthal 2002/03: Nr 15 i Harrachov 2004: Nr 14 i Lahti 2004/05: Nr 21 i Trondheim 2006/07: Nr 6 på Lillehammer 2008: Nr 5 i compactsprint i Holmenkollen 2009: Nr 9 i Seefeld 2009/10: Nr 14 i Kuusamo 2010/11: Nr 11 på Lillehammer
Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskap Ski-NM 2003: Nr 4 i kombinert halvprogram i Molde Ski-NM 2004: Bronse i kombinert halvprogram og nr 9 i normalbakken, begge på Bardufoss Ski-NM 2005: Nr 4 på Lillehammer Ski-NM 2006: Bronse i halvprogram på Kongsberg Ski-NM 2007: Bronse i kombinert halvprogram i Bardu og nr 12 i skihopp i storbakken på Lillehammer Ski-NM 2008: Bronse i halvprogram i Trondheim Ski-NM 2009: Bronse i fellesstart på Gjøvik Ski-NM 2010: Nr 6 på Steinkjer
Han la opp som aktiv kombinertløpar i 2011.
Kjelder Sportsboken, aktuelle årgangar
Bakgrunnsstoff Espen Rian i fis-ski.com Espen Rian i olympedia.org
Kategori:Norske kombinertløparar Kategori:Norske deltakarar under vinter-OL 2010 Kategori:Folk frå Rissa