Georg Thoma () er ein tysk, tidlegare kombinertløpar og skihoppar frå Hinterzarten. Han vart olympisk meister i kombinert under OL 1960 i Squaw Valley, og tok bronsen under vinterleikane i Innsbruck fire år seinare. I 1966 vart han verdsmeister i kombinert i Oslo.
Skihopparen Dieter Thoma er brorsonen hans.
Aktiv Thoma kom på fjerdeplass i Bischofshofen i januar 1957, avslutningsrennet i den tysk-austerrikske hoppveka der han samanlagt vart nummer åtte. Året etter vart han nummer 16 i kombinertøvinga og nummer 27 i hopprennet for spesialistar under ski-VM i Lahti. I 1959 deltok han i Holmenkollen og kom på åttandeplass i kombinert.
I 1960 vart Thoma nummer sju i den tysk-austerrikske hoppveka, etter femteplassar både i Garmisch-Partenkirchen og Innsbruck. Deretter reiste han til vinter-OL i Squaw Valley i California, der han vann OL-gullet med nesten fem poengs margin til sølvvinnaren, Tormod Knutsen frå Noreg. I OL-sesongen tok Thoma elles den fyrste av tre vesttyske meisterskapstitlar i skihopping. Han gjentok prestasjonen i 1961 og 1963. I 1961 vart Thoma elles ein klar vinnar av kombinertrennet i Lahti.
Nyårsdag i 1962 hoppa Thoma seg til siger i hoppvekerennet i Garmisch-Partenkirchen. Kanskje var det like imponerande då han i hoppveka året etter vart nummer tre i Innsbruck og kom på andre plass i Garmisch-Partenkirchen, ettersom mange fleire av topphopparane deltok i den siste hoppveka. Norske Toralf Engan vann då begge dei nemnde renna og hoppveka, medan Thoma hamna på sjetteplass samanlagt. Seinare i 1963-sesongen var Thoma heilt suveren både då han vann kombinert i Svenska skidspelen i Falun og i Holmenkollrenna.
Thoma fekk i 1964 bronsemedaljen i kombinert under vinter-OL i Innsbruck. Sidan vann han ein ny klar siger i Holmenkollrenna og vart tildelt Holmenkollmedaljen. Etter å ha vunne kombinertrennet i Lahti i 1965 med 36 poeng, sikra han seg sin tredje siger på rad i Holmenkollen. I 1966 var det verdsmeisterskap på ski i Kollen-løypene og enno ein gong gjekk sigeren til Thoma, som vart verdsmeister i hard konkurranse med landsmannen Franz Keller. Thoma la etter meisterskapen opp som aktiv.
Kjelder FIS: Resultat (kombinert) FIS: Resultat (skihopping) Sports Reference: Georg Thoma
Kategori:Tyske kombinertløparar Kategori:Tyske skihopparar Kategori:Verdsmeistrar i kombinert Kategori:Vinnarar av Holmenkollmedaljen Kategori:Olympiske meistrar for Tyskland Kategori:Olympiske bronsemedaljevinnarar for Tyskland Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 1960 Kategori:Tyske deltakarar under vinter-OL 1960 Kategori:Kombinertløparar under vinter-OL 1960 Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 1964 Kategori:Tyske deltakarar under vinter-OL 1964 Kategori:Kombinertløparar under vinter-OL 1964