Popol Vuh var eit tysk elektronisk avantgarde band starta av pianist og klaverspelar Florian Fricke i 1969 i lag med Holger Trülzsch (perkusjon) og Frank Fiedler (lydteknikar og teknisk assistent).Popol Vuh Biography, Booklet to CD issue of "Popol Vuh Revisted & Remixed, 1970-1999", SPV recordings, 2011 Andre viktige medlemmar dei enste ti åra var Djong Yun, Conny Veit, Daniel Fichelscher, Klaus Wiese og Robert Eliscu.Michael Fuchs-Gambock, Gerhard Augustin: Booklet to CD re-issue of "Hosianna Mantra", SPV recordings, 2004 Bandet tok namnet sitt frå Popol Vuh, eit manuskript som inneheld mytologien til Quiché-folket av mayaene i høglandet i Guatemala og søraust for Mexico. Namnet tyder omtrent «møtestad». Det norske bandet Popul Vuh med mellom andre Jahn Teigen er kalla opp etter det same manuskriptet.

Historie Det første albumet deira, Affenstunde, kom ut i 1970 og vert rekna som eit av dei tidlegaste verka innan space-musikk, med dei då nye lydane frå ein Moog synthesizer i lag med etnisk perkusjon. Dette fortsette berre med eitt album til, In den Gärten Pharaos, og songar som vart gjeve ut på filmmusikken til Aguirre, før Fricke i stor grad gjekk bort frå elektroniske instrument til fordel for piano-baserte komposisjonar frå Hosianna Mantra i 1972 og framover. Dette albumet markerte òg starten på ei meir open utforsking av religiøse tema i staden for den generelt andelege kjensla ein hadde i musikken. Gruppa nytta etter kvart mange typar instrument: blåseinstrument og strykarar, både elektriske og akustiske, og i lag tok dei med seg ein mystisk aura som gjorde musikken deira andeleg og sjølvgranskande.

Popol Vuh påverka mange andre band i Europa medn den unike dempa, men utførlege instrumenteringa, som henta inspirasjon frå Tibet, Afrika og førcolumbinask Amerika. Dei skapte draumeaktige lydbilete i lag med psykedeliske veggar av lyd, og vert rekna som føregangarar for dagens verdsmusikk, i tillegg til new age-musikk og ambient musikk.

Bandet laga mnusikk til filmar av Werner Herzog, som Aguirre, the Wrath of God, Nosferatu, Fitzcarraldo, Cobra Verde, Heart of Glass og The Enigma of Kaspar Hauser, der Fricke var med.

Florian Fricke døydde i München den 29. desember 2001 og gruppa vart oppløyst.

I oktober 2003 skreiv Klaus Schulze: «Florian var og er den viktigaste føregangaren for moderne etnisk og religiøs musikk. Han valde elektronisk musikk og den store Moog'en hasn til å frigjere seg sjølv frå banda i tradisjonell musikk, men oppdaga raskt at han ikkje fekk mykje ut av det og valde ein akustisk veg i staden. Her skulle han skape ei ny verd, som Werner Herzog likar så godt, der han omformer tankemønstra frå elektronisk musikk til språket i akustisk etnisk musikk.»Klaus Schulze, Oldau, October 7, 2003: Booklet to CD re-issue of "Hosianna Mantra", SPV recordings, 2004

Diskografi

Affenstunde (1970) In den Gärten Pharaos (1971) Hosianna Mantra (1972) Seligpreisung (1973) Einsjäger und Siebenjäger (1974) Das Hohelied Salomos (1975) Aguirre (1975) Letzte Tage - Letzte Nächte (1976) Herz aus Glas (1977) Brüder des Schattens - Söhne des Lichts (1978) Nosferatu (1978) Die Nacht der Seele (1979) Sei still, wisse ICH BIN (1981) Agape - Agape (1983) Spirit of Peace (1985) Cobra Verde (1987) For You and Me (1991) City Raga (1995) Shepherd's Symphony - Hirtensymphonie (1997) Messa di Orfeo (1999)

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Popol Vuh (German band)» frå , den 8. mars 2013. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff Artikkel med melding av kvart album (engelsk) Polsk side med diskografi Italiensk side, på italiensk og engelsk Nederlandsk side (engelsk, tysk)

Kategori:Tyske musikkgrupper Kategori:Tyske elektroniske musikkgrupper Kategori:Musikkgrupper skipa i 1970 Kategori:Krautrock-grupper