Elling Rønes () var ein norsk langrennsløpar og gardbrukar frå Trysil, som i tida 1906-16 vann femmila i Holmenkollen fire gongar. I 1911 vann han sitt einaste NM-gull på ski. Han var etter tur medlem av idrettslaga Trysil Turn & IF (Trysilgutten) og Nordre Trysil Idrettslag.
Aktiv Rønes vann 50 km i Holmenkollen i 1906, 1907 (40 km), 1908 og i 1916. Berre Thorleif Haug med sine seks sigrar og Lauritz Bergendahl har fleire, men ingen annan har vunne med ti år mellom første og siste siger. Rønes kom elles to gongar på andreplassen, i 1914 og 1917, og deltok på si siste femmil i Holmenkollen i 1934, 52 år gammal.
Rønes vart norsk meister i 30 km langrenn i 1911.
I 1947 vart Rønes tildelt Holmenkollmedaljen for sine bragder i Holmenkollen.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Elling Rønes» frå , den 8. mars 2013.
Bakgrunnsstoff Skiforeningen.no, trykk Vinnere for PDF-fil med liste på Holmenkollen
Kategori:Norske gardbrukarar frå 1900-talet Kategori:Norske langrennsløparar Kategori:Vinnarar av Holmenkollmedaljen Kategori:Folk frå Trysil