«We Don't Wanna Put In» ville vere det georgiske bidraget i Eurovision Song Contest 2009 i Moskva i Russland, framført på engelsk av Stephane & 3G. Songen er skriven av Stefane Mgebrishvili og Bibi Kvachadze.
Eurovison Song Contest 2009
Songen vann den georgiske uttakinga til Eurovision Song Contest 2009, men teksten skapa problem av di han inneheldt politiske referansar til Vladimir Putin, dåverande statsminister i Russland. «Put in» høyrdest ut som Putin. Orda «Put in» vart sungen med ein aksent som uttala orda som «poot een», som òg er slik ein kan uttala namnet Putin. Fleire personar frå det kulturelle og poltiske Russland og Georgia, mellom anna Diana Gurtskaya, som representerte Georgia i Eurovision Song Contest 2008, og David Gamkrelidze, leiaren av det georgiske politiske partiet Akhali Memarjveneebi, ville at ein skulle skrive om på teksten. Ein talsmann frå den georgiske kringkastaren sa 20. februar 2009 at songen ikkje ville verte endra. 11. mars 2009 trekte Georgia seg frå Eurovision Song Contest 2009.Georgia pulls out of Eurovision after controversial song is banned. The Daily Telegraph. 12. mars 2009
Fotnotar
Kategori:Songar frå 2009 Kategori:Georgiske songar Kategori:Engelskspråklege songar Kategori:Ikkje-deltakande Eurovision Song Contest-songar