Astrid Olsdotter Sandvik, gift Moe () er ein norsk tidlegare utfor- og slalåmkøyrar som representerte Oslo-klubben IL Heming.

Karriere Astrid Sandvik deltok for fyrste gong i OL under vinter-OL 1956 i Cortina d'Ampezzo. Ho deltok både i utfor, slalåm og storslalåm, men det beste resultatet hennar vart ein sjetteplass i slalåmtevlinga. To år seinare deltok ho i ski-VM i Bad Gastein, der ho greidde ein fjerdeplass i slalåm og sjetteplass i utfor. I januar 1959 vann ho både utfortevlinga og kombinasjonen under Hahnenkamm-renna i Kitzbühel, der ho vart nummer to i slalåm etter sveitsiske Annemarie Waser.Arbeiderbladet 19.1.1959

Astrid Sandvik var også med for Noreg under vinter-OL 1960 i Squaw Valley i dei same tre greinene, men den beste plasseringa hennar her vart nr. 19 i storslalåm. I 1962 gjekk det noko betre under ski-VM i Chamonix, då ho greidde ein fjerdeplass i slalåm. Ho gjorde det godt i innanlandske tevlingar, og vann m.a. kongepokal under NM i storslalåm 1963. Frå 1961-1963 vann ho sju gonger Holmenkollen Kandahar, og vart tildelt Holmenkollmedaljen i 1963. Store Norske Leksikon om Astrid Sandvik. Forfattar: Rolf Bryhn Medaljen vart delt med Pavel Koltsjin, Alevtina Koltsjina og Torbjørn Yggeseth.

Dei siste olympiske leikane ho deltok i, vart vinter-OL 1964 i Innsbruck.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Astrid Sandvik i olympedia.org

Kategori:Norske alpinistar Kategori:Vinnarar av Holmenkollmedaljen Kategori:Kongepokalvinnarar i skiidrett Kategori:Norske deltakarar under vinter-OL 1956 Kategori:Alpinistar under vinter-OL 1956 Kategori:Norske deltakarar under vinter-OL 1960 Kategori:Alpinistar under vinter-OL 1960 Kategori:Norske deltakarar under vinter-OL 1964 Kategori:Alpinistar under vinter-OL 1964 Kategori:Folk frå Oslo