Victor Frederick Weisskopf () var ein austerriksk-fødd jødisk-amerikansk teoretisk fysikar.

Weisskopf tok doktorgraden sin i fysikk under Max Born ved universitetet i Göttingen i Tyskland i 1931, og var assistent for Werner Heisenberg og Erik Schrödinger. Han måtte forlate Tyskland i 1932, og oppheldt seg dei neste åra hos L. Landau i Sovjetunionen, hos Niels Bohr i København og Werner Pauli i Zürich. I 1937 reiste han til USA og var professor ved University of Rochester frå 1937 til 1943. I desse åra gjorde Weisskopf fleire store bidrag til utviklinga av kvanteteorien, spesielt innanfor elektrodynamikk.

Frå 1943 til 1945 var han tilknytt Los Alamos Scientific Laboratory og Manhattanprosjektet for å utvikle den første atombomba, og seinare kjempa han mot spreiing av kjernefysisk arbeid og atomvåpen. Etter andre verdskrigen, slutta Weisskopf seg til fysikk-fakultet ved MIT, der han var professor fram til 1947, utanom perioden 1961-1966, då han var generaldirektør for forskingssenteret CERN i Sveits.

Weisskopf var med-grunnleggjar og styremedlem for Union of Concerned Scientists. Han vart tildelt Max Planck-medaljen i 1956 og Wolf-prisen i 1981. Han var president for American Physical Society (1960–1961) og American Academy of Arts and Sciences (1976–1979). I 1981 leia Weisskopf ei gruppe på fire vitskapsmenn sende av pave Johannes Paul II for å snakke med dåverande president Ronald Reagan om behovet for å forby bruk av kjernefysiske våpen.

Kjelder Delar av denne artikkelen bygger på «Victor Weisskopf» frå , den 15. april 2013. Victor Frederick Weisskopf. I Store norske leksikon. Henta frå: http://snl.no/Victor_frederick_weisskopf

Bakgrunnsstoff National Academy of Sciences

Kategori:USA-amerikanske fysikarar Kategori:Folk frå Wien Kategori:USA-amerikanske kjernefysikarar Kategori:Austerrikske fysikarar Kategori:USA-amerikanske jødar Kategori:Folk tilknytte Manhattanprosjektet Kategori:Austerrikske jødar Kategori:Medlemmar av United States National Academy of Sciences Kategori:Medlemmar av Det sovjetiske vitskapsakademiet Kategori:Enrico Fermi-prisen Kategori:National Medal of Science Kategori:Albert Einstein-medaljen Kategori:Wolfprisen i fysikk Kategori:Max Planck-medaljen Kategori:Fysikarar på 1900-talet Kategori:Folk tilknytte CERN