Arto Kalervo Bryggare () er ein finsk politikar og tidlegare friidrettsutøvar frå Kouvola som spesialiserte seg på 110 m hekk. Mellom 1978-86 vann han både VM- og EM-sølv, to EM-bronsar og eitt OL-sølv i øvinga. Tolv gongar vart han finsk meister på 110 m hekk, elleve av desse på rad. Han vann dessutan ein sølv og ein bronse i same øvinga, samt to sølvmedaljar på 100 m under finske meisterskap. Bestetida 13,35 frå 1984 er framleis finsk og nordisk rekord i 2013.

Karriere Bryggare var berre 17 år gammal då han fekk si fyrste finske meisterskapsmedalje på spesialøvinga 110 m hekk. Etter ein bronsemedalje i 1975, tok han eitt steg opp på sigerspallen i 1976, og ytterlegare eitt i 1977, då han vart finsk meister i øvinga, den fyrste av elleve på rad. Same året vart han junior-europameister på 110 meter hekk.

Året etter sprang Bryggare seg inn i verdseliten på distansen, og vann bronsemedaljen i friidretts-EM 1978 på den gode tida 13,56, finsk og nordisk rekord. Fire år seinare gjentok han prestasjonen i den neste europameisterskapen, då han vann ein ny bronsemedalje. I 1983 tok han sølvmedaljen i korthekkløp i det alle fyrste VM i friidrett, berre slått av Greg Foster frå USA. Han sette personleg rekord med 13,44 i semifinalane, den fjerde beste tida i verda det året.

Sommaren 1984 deltok han i sommar-OL 1984 i Los Angeles, og sette i eit forsøksheat personleg rekord på 110 m hekk med tida 13,35 sekundar. I finalen kom han i mål på tida 13,40, noko som gav han bronsemedaljen, USA-amerikanarane Roger Kingdom og Greg Foster sprang fortare. Med denne bronsemedaljen vart Bryggare historisk, ettersom han var den fyrste finske friidrettsutøvaren med meisterskapsmedalje på ein sprintdistanse.

I 1986 tok han medalje i sitt tredje EM på rad. Her vart han berre overgått av den sterke franskmannen Stéphane Caristan. Bryggare kvalifiserte seg også til finalen på 110 meter hekk under VM i friidrett 1987, men trekte seg grunna skade.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap EM 1978 i Praha: Bronsemedalje – 13,56 OL 1980 i Moskva: Nr 6 -13,76 EM 1982 i Aten: Bronsemedalje – 13,60 VM 1983 i Helsingfors: Sølvmedalje – 13,46, bakom Greg Foster (13,32) OL 1984 i Los Angeles: Bronsemedalje – 13,40 EM 1986 i Stuttgart: Sølvmedalje - 13,42, bakom Stéphan Caristan (13,20) VM 1987 i Roma: Nr 8 – starta ikkje i finalen OL 1992 i Barcelona: Utslått i forsøksheatet

Medaljar i nasjonale meisterskap Finsk meister på 110 m hekk i perioden 1977 til -87 og i 1992. Sølvmedalje på 110 m hekk i 1976 og på 100 m 1977 og 1979 Bronsemedalje på 110 m hekk i 1975

Politikk Bryggare var i valperiodane 1995-99 og 2003-07 medlem av den finske riksdagen, der han representerte Sosialdemokratane.

Bakgrunnsstoff World Athletics

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Arto Bryggare» frå , den 16. april 2013.

Kategori:Finske hekkeløparar Kategori:Finske politikarar Kategori:Olympiske bronsemedaljevinnarar for Finland Kategori:Finske deltakarar under sommar-OL 1980 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1980 Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 1984 Kategori:Finske deltakarar under sommar-OL 1984 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1984 Kategori:Finske deltakarar under sommar-OL 1992 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1992