Anderson Hills er ei gruppe åsar, ryggar og toppar mellom Mackin Table og Thomas Hills i Patuxent Range i Pensacolafjella i Antarktis. Dei vart kartlagde av US Geological Survey frå landmålingar og frå flyfoto tekne av U.S. Navy, 1956–66. Åsane vart namngjevne av Advisory Committee on Antarctic Names etter forslag frå kaptein Finn Rønne i U.S. Navy Reserve, leiar ved Ellsworth-basen i 1957. Som viseforsvarsminister i 1954–55 hadde Robert B. Anderson ansvaret for dei amerikanske operasjonane i Antarktis.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Anderson Hills» frå , den 27. april 2013. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Åsar i Queen Elizabeth Land Kategori:Pensacolafjella