Sidelenhorn, også kalla Zeltspitz, er eit 3 217 meter høgt fjell i sørdelen av Urner-Alpane, om lag tre kilometer nord for Furkapasset. Grensa mellom dei sveitsiske kantonane Uri og Valais går over fjelltoppen.

Sør for Sidelenhorn ligg, skild av fjellskardet Sidelenlücke (3 109 moh.), Gross Furkahorn. Vidare på fjellryggen kjem Klein Furkahorn som så fell ned til det høgtliggande Furkapasset. Mot nord fører ein fjellrygg til den 3 113 moh. høge Galensattel, derifrå leier fjellegga Galengrat til topps på Galenstock. På vestsida av Sidelenhorn flyt dei lægre delane av Rhonebreen, i aust er bretunga på Sidelengletscher.

Normalvegen til topps går frå Hotel Belvédère over Rhonebreen og Galengletscher til Galensattel, derifrå opp vestsida over lause steinurder til toppen. Denne lette klatreturen vart gjort fyrste gongen i 1892 av O. Kielsberg, J.J. Schiesser og Zgraggen.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Sidelenhorn» frå , den 24. juni 2013.

Kategori:Fjell i Alpane Kategori:Fjell i Sveits Kategori:Fjell i Uri Kategori:Fjell i Valais