mini|Dvergar kjempar mot fuglar nord i Sverige

Historia de Gentibus Septentrionalibus er eit monumentalt bokverk skrive av den svenske biskopen Olaus Magnus (1490-1557), fyrst utgjeve i Roma i 1555. Tittelen kan direkte omsetjast frå latin som 'historia om folkeslaga som bur under Karlsvogna'. Boka er omsett til svensk som Historia om de nordiska folken. Tidlegare hadde Olaus Magnus gjeve ut kartet Carta Marina, som er eit av dei fyrste karta over Skandinavia.

Bokverket vart populært på grunn av mange illustrerande teikningar av folk og deira skikkar. Mykje av skildringa kan i ettertid sjåast på som overdriving, men kan vera ei kjelde til korleis Norden vart sett på i denne tida.

Utdrag Svensk omsetjing av den latinske originalen med attgjeving av dei originale illustrasjonane:

mini|Nordiske jegerar på ski mini|Sjøorm i nordiske farvatn

Bakgrunnsstoff

Olaus Magnus, Historia om de nordiska folken; [efterskrift: Kurt Johannesson]. Opphavleg latinsk utgåve: Roma 1555, opptrykk av Michaelisgillets svenske omsetjing frå 1909-1925; [Hedemora] 2010: Gidlund ISBN 978-91-7844-795-4. [Hedemora] 2001: Gidlund ISBN 91-7844-327-X Nettlenkjer Historien om folkene i nord Universitetsbiblioteket ved Universitetet i Tromsø Boka bak mytane om Norden (2. august 2020) NRK

Kategori:Skandinavisk historie Kategori:Historieverk Kategori:Bøker frå 1500-talet