Red Wave: 4 Underground Bands from the Soviet Union var eit delt dobbeltalbum som kom ut i 1986 med banda Akvarium, Kino, Alisa og Strannje Igry (Strange Games), alle russisk rock frå Leningrad. Det var første gong russik rock vart gjeve ut i USA.
Joanna Stingray, som utvikla eit venskapleg forhold med somme av dei viktigaste medlemmane av sovjetisk undergrunnsrock då ho først vitja Sovjetuionen, og Boris Grebensjtsjikov, frontmannen i Akvarium, hadde ideen om å publisere eit slikt album i vesten. Songane for samlinga vart spelte inn privat av dei fire Leningrad-banda og smugla av Joanna Stingray til USA. Produksjonen og utgjevinga vart gjort av det Los Angeles-baserte indie-selskapet Big Time Records den 27. juni 1986.
Tre av dei fire banda (Akvarium, Kino og Alisa) på dette albumet vart seinare ikonar innan russisk rock og er framleis særs populære i Russland.
Innhald Side 1 (Akvarium) Frå albuma Tabu, Deti Dekabrja and Radio Afrika. «Пепел» (Oske) – 3:10 «Сегодня ночью» (I natt) – 4:36 «Танцы на грани весны» (Dans på kanten av våren) – 4:25 «Жажда» (Tørsten) – 3:56 «Сны о чём-то большем» (Draumar om noko større) – 4:20 «Рок-н-ролл мёртв» (Rock'n'Roll er død) berre på vinylplata i kort versjon
Side 2 (Kino)
Side 3 (Alisa) Alle songar frå albumet Energija. «Экспериментатор» (Eksperimentator) – 4:31 «Мы вместе» (Vi er i lag) – 2:43 «Доктор Буги» (Dr. Boogie) – 3:49 «Плохой Рок-н-ролл» (Vond rock'n'roll) – 3:21 «Соковыжиматель» (Juicepressar) – 3:14 «Ко мне» (Kom til meg) – 5:01
Side 4 (Strange Games) «Метаморфозы» (Metamorfozy) – 2:38 «Хоровод» (Runddans) – 3:21 «А телефона нет» (Ingen telefon) – 2:51 «Эгоцентризм» (Egosentrisitet) – 4:29 «Если ты думаешь» (Om du trur) – 3:54
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Red Wave» frå , den 18. august 2013. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Russisk rock Kategori:Samlealbum frå 1986