Smash Records var eit USA-amerikansk plateselskap. Det vart skipa i 1961 som eit underselskap av Mercury Records av Mercury-direktøren Shelby Singleton og det vart drive av Singleton i lag med Charlie Fach. Fach tok over etter at Singleton slutta i Mercury i 1966. Av artistar i stallen var James Brown, Bruce Channel, Roger Miller, The Left Banke, Bill Justis og Jerry Lee Lewis.
Ein krangel med King Records førte til at James Brown gav ut alle dei instrumentale innspelingane til bandet sitt mellom 1964 og 1967 på Smash. Smash gav òg ut tre av vokalinnspelingane til Brown, mellom anna proto-funk-songen «Out of Sight» i 1964.
Smash delte nummereringssystemet for singlane sine med andre selskap dei distribuerte. Det viktigaste av desse var Fontana Records. Mercury la ned Smash-etiketten i 1970.http://www.bsnpubs.com/mercury/smash/smash.html
Mercury-eigaren PolyGram nytta Smash-etiketten for nyutgjevingar i 1980-åra. PolyGram starta opp att Smash i 1991 som ein R&B/dance-etikett med kontor i Chicago. Det var først under PolyGram Label Group (PLG)-paraplyen, så under Independent Label Sales (ILS)-paraplyen og så under Island Records fram til etiketten vart lagt ned att i 1996. Ein av hittane på Smash i denne perioden var «People Are Still Having Sex» av club-artisten LaTour. Ein annan suksessrik artist på dansegolvet var Jamie Principle.
Smash Records-artistar The Angels James Brown The Caravelles Mother Maybelle Carter Jimmy Castor Bruce Channel Dee Jay & The Runaways Joe Dowell Pete Drake (and his talking Steel Guitar) Jay & the Techniques Bill Justis Dickie Lee Left Banke Jerry Lee Lewis Linda Gail Lewis The Mesmerizing Eye Roger Miller The Nouns Charlie Rich Sir Douglas Quintet Millie Small Swingin' Medallions The Tempests Eric Von Schmidt The Walker Brothers Scott Walker Crunch-O-Matic D'Bora Jamie Loring Jamie Principle LaTour M-Doc Chris Mars Luke "Long Gone" Miles The Millions Pleasure Game Presence Sheep On Drugs Ten Tray Cookie Watkins Yello
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Smash Records» frå , den 27. september 2013. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff The Smash Records Story frå BSN Pubs Ein diskografi av album på Smash Ein diskografi med singlar på Smash Pete Drake-biografi
Kategori:USA-amerikanske plateselskap Kategori:Skipingar i 1961 Kategori:Nedleggingar i 1970 Kategori:Skipingar i 1991 Kategori:Nedleggingar i 1996 Kategori:1961 i USA