Haug skipreide (Haugs skipreiða) var ei av skipreidene på Jæren, oppkalla etter garden Hauge i Klepp sokn.

Ho omfatta dei mellomste delane av kommunane Klepp og Time (om lag Horpestad, Bryne, Lyefjell og Frøyland med omland), eller nøyaktigare:Arkivverket: Matrikkel 1838 del av Klepp sokn (matrikkelgardane 17-19 og 24-27) del av Orre sokn (matrikkelgardane 28-29 og 32) del av Bore sokn (matrikkelgard 41) del av Time sokn (matrikkelgardane 1-4, 10-29, 33-38 og 40-41)

På Vestlandet vart skipreidene avløyste av tinglag først i begynninga av 1800-talet, og Haug skipreide vart nemnd Haug tinglag. Etterkvart vart grensene regulerte slik at dei samsvarte betre med sokne- og kommunegrensene: Derfor vart Haug tinglag oppløyst 1850Norges folk og land og erstatta av dei nye Klepp tinglag (Klepp kommune) og Lye tinglag (Time og Gjesdal kommunar).

Fotnotar

Bakgrunnsstoff Kart over Rogaland med skipreidene innteikna (frå Norsk historisk leksikon)

Kategori:Skipreider Kategori:Geografi i Klepp Kategori:Historie i Klepp Kategori:Geografi i Time Kategori:Historie i Time