Haugland skipreide var ei av skipreidene på Jæren, oppkalla etter grenda Haugland i Time sokn.
Ho omfatta delar av kommunane Klepp, Time og Hå, eller nøyaktigare:Arkivverket: Matrikkel 1838 storparten av Orre sokn (matrikkelgardane 30-31 og 33-40) Njærheim (seinare Nærbø) sokn nord for Håelva (matrikkelgardane 1-8) søre delen av Time sokn (matrikkelgardane 5-9, 42-64)
På Vestlandet vart skipreidene avløyste av tinglag først i begynninga av 1800-talet, og Haugland skipreide vart nemnd Haugland tinglag. Etterkvart vart grensene regulerte slik at dei samsvarte betre med sokne- og kommunegrensene: Derfor vart Haugland tinglag oppløyst 1850Norges folk og land og erstatta av dei nye Klepp tinglag (Klepp kommune), Lye tinglag (Time og Gjesdal kommunar) og Hå tinglag (Nærbø og Varhaug sokner)
Fotnotar
Bakgrunnsstoff Kart over Rogaland med skipreidene innteikna (frå Norsk historisk leksikon)
Kategori:Skipreider Kategori:Geografi i Hå Kategori:Historie i Hå Kategori:Geografi i Klepp Kategori:Historie i Klepp Kategori:Geografi i Time Kategori:Historie i Time