Vidar Helgesen () er ein norsk diplomat og politikar (H). Han var norsk klima- og miljøminister i regjeringa Solberg frå 2015 til 2018. Frå 16. oktober 2013 til 2015 var han statsråd og stabssjef ved Statsministerens kontor i regjeringa Solberg med ansvar for EØS-saker og Noregs tilhøve til EU.
Han var medlem av sentralstyra i Noregs Gymnasiastsamband 1987–1989 og Unge Høgre 1989–1991, og leia Operasjon Dagsverk 1987–1988. Ein periode var han og nestleiar i Oslo Unge Høgre. I 1994 leia han Høgre sin kampanje før folkerøystinga om EU i 1994. Helgesen var redaktør for boka Partiet, makten og staten frå 1995 og redaksjonssekretær i Tidens tegn 1996–1998.
Helgesen er særleg opptatt av menneskerettar, flyktningproblematikk, fredsmekling, forsoningsprosessar samt FN-politikk. Han var spesialrådgjevar i det internasjonale Røde Kors i Genève 1998–2001 og statssekretær i Utanriksdepartementet 2001–2005 samt generalsekretær i International Institute for Democracy and Electoral Assistance (IDEA) i Stockholm 2005–2013.
Helgesen har anar frå Gildeskål kommune i Nordland, vart fødd i Bodø, og voks opp på Nøtterøy i Vestfold. Han er cand.jur. frå Universitetet i Oslo frå 1998, og praktiserte som advokatfullmektig i Wiersholm, Mellbye & Bech i Oslo i 2001. I 1999 vart han teken opp til Utanriksdepartementets aspirantkurs. Han har publisert fleire artiklar om folkerett og fredsmekling.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Vidar Helgesen» frå , den 18. oktober 2013.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Norske miljøvernministrar Kategori:Norske EØS- og EU-ministrar Kategori:Statsrådar i Regjeringa Solberg Kategori:Høgrestatsrådar Kategori:Statssekretærar i Regjeringa Bondevik II Kategori:Statssekretærar frå Høgre Kategori:Norske juristar Kategori:Norske diplomatar Kategori:Folk frå Bodø Kategori:Folk frå Nøtterøy