Ljan kyrkje er ei langkyrkje frå 1932 i Oslo kommune. Kyrkja er nyromansk og mellomalderinspirert. Slik sett står ho i kontrast til dei funksjonalistiske tendensane som gjorde seg gjeldande i åra etter.
Kyrkja er teikna av Olav Olson som også teikna Kolbotn kyrkje og Strømmen kyrkje. Sistnemnde har vore modell for dei to andre. Ljan kyrkje har 180 sitjeplassar og galleri. Preikestol og døypefont er ved Trygve Dammen.
Det er ikkje gravplass ved kyrkja.
Referansar
Litteratur
Bakgrunnsstoff Ljan kyrkjelyd Kyrkjesøk – Ljan kirke
Kategori:Kyrkjer i Oslo Kategori:Kyrkjer i Søndre Aker prosti Kategori:Norske kyrkjer frå 1932 Kategori:Bydel Nordstrand Kategori:Langkyrkjer i Oslo bispedømme Kategori:Kulturminne i Oslo