Jacques Alexandre César Charles () var ein fransk fysikar, særleg kjent for undersøkingar av volumendringar til gassar med trykk og temperatur. Han stadfesta Boyle–Mariotte-lova og påviste at ein volumet til ei gassmengd aukar proporsjonalt med temperaturen når trykte er konstant, Charles-lova. Då Charles ikkje offentleggjorde resultata av desse undersøkingane, blir æra for oppdaginga oftast tillagt Gay-Lussac, som publiserte arbeida hans saman med sine eigne undersøkingar i 1802. Charles-lova blir difor ofte kalla Gay-Lussac-lova.

Charles bygde i 1783 saman med brørne Robert den første hydrogenfylte luftballongen (charlière) og reiste med ein slik ballong 40 km på 2 timar i opptil 3000 meter høgd.

Kjelder Jacques Alexandre César Charles. (28.02.2013) I Store norske leksikon.

Kategori:Folk frå Loiret Kategori:Franske fysikarar Kategori:Fysikarar på 1700-talet Kategori:Fysikarar på 1800-talet Kategori:Franske oppfinnarar Kategori:Medlemmar av Det franske vitskapsakademiet