James Watt () var ein skotsk matematikar og ingeniør. Vidareutviklinga hans av dampmaskina, ein stempeldampmaskin i perioden mellom 1765 og 1769, vert rekna som ein sterkt medverkande årsak til den industrielle revolusjonen. James Watt innførte omgrepet hestekraft for effekten til dampmaskinar. SI-eininga for effekt, watt, er oppkalla etter han.Knudsen, Ole: James Watt i Den Store Danske i lex.dk. Henta 25. september 2023.

Liv og virke Watt blei fødd i Greenock nær Glasgow i Skottland. Far hans var instrumentmakar som tilverka og reparerte navigasjonsinstrument. Då James var 19 drog han til London for sjølv å læra seg dette yrket. Av ein ukjend grunn fullførte han ikkje lærlingetida, men drog tilbake til Skottland, der han etter fleire forsøk fekk arbeid som matematisk instrumentmakar ved universitetet i Glasgow. Her kom han i kontakt med vitskapleg nyskaping, mellom anna dampmaskinen laga på 1700-talet av engelskmannen Thomas Newcomen, og arbeidet hans støtta seg på eit inngåande studium av dampmaskina hans, og vitskaplege målingar av damptrykket, temperaturen og spesifikt volum, som Watt utførte som universitetsmekanikar i Glasgow frå 1759.

Han tok i 1769 patentet som vart avgjerande for utviklinga til dampmaskina i langt over eit hundreår. I 1774 starta Watt i samarbeid med Matthew Boulton den første store dampmaskinfabrikk i Soho ved Birmingham som, takka vere forlenginga av patentet, inntil 1800 hadde ei monopolstilling for framstilling av dampmaskinar. I industrielle føretak var det naudsynt å tilføre energien ved ei roterande rørsle, og Watt prøvde ulike konstruksjonar for å overføre stempelets fram- og tilbakegåande til roterande rørsle.

Watt fann mellom anna opp sentrifugalregulatoren, indikatoren, parallellogramlikeføring og vasstandsglas. South Kensington Museum i London oppbevarer ei større mengd originalmodellar av Watt frå utviklingstida. Watt medverka til utarbeidinga av metersystemet. Etter 1800 trekte han seg tilbake frå det daglege arbeidet i Soho og dreiv mykje med bilethoggararbeid.

Kjelder

Delar av denne artikkelen bygger på «James Watt» frå , den 18. november 2005.

Referansar

Bakgrunnsstoff

Kategori:Dampmaskinoppfinnarar Watt Watt Kategori:Medlemmar av Royal Society Kategori:Medlemmar av Royal Society of Edinburgh Kategori:Medlemmar av Lunar Society Kategori:Folk frå Greenock Kategori:Folk frå den industrielle revolusjonen Kategori:Skotske forretningsfolk Kategori:Skotske landmålarar Kategori:Skotske kjemikarar