McDonald Ice Rumples er ein ishaug på Bruntisen på grensa til Weddellhavet i Antarktis. Han dekkjer eit område på 5 x 4 km.
Han er kalla opp etter briten Allan McDonald frå British Association of Magallanes ved Punta Arenas som i juli 1916, hjelpte Ernest Shackleton å få nok mildlar til å sende ein skonnert, «Emma», for å redde dei 22 mennene som var forliste på Elefantøya i løpet av Endurance-ekspedisjonen. Shackleton kalla derfor opp ein isbre etter McDonald, men forsøk på å lokalisere denne breen sidan har vore mislukka, så denne ishaugen vart kalla opp etter McDonald i staden for.
Under det internasjonale geofysiske året hadde Royal Society ein base i nærleiken (1955–59) og var kjende med denne haugen. I 1957 var den største høgda over isbremmen rundt kring 18 meter, nokre få hundre meter frå isfronten.
Kjelder
Kategori:Isbremmar i Antarktis Kategori:Geografi i Coats Land