Sedgwickbreen er ein isbre på austkysten av Aleksanderøya i Antarktis, 13 km lang og 3,5 km brei, som flyt aust frå foten av Mount Stephenson og ut i George VI Sound like nord for Mount Huckle. Isbreen vart først grovt kartlagt i 1936 av British Graham Land Expedition under Rymill. Han vart kartlagt på ny i 1948 av Falkland Islands Dependencies Survey og namngjeven av dei etter Adam Sedgwick, ein engelsk geolog og professor i geologi ved Cambridge University, 1818-73.

Sjå òg

Isbrear i Antarktis Erosbreen Grottobreen Transitionbreen

Kjelder

Kategori:Isbrear på Aleksanderøya