Stavern kyrkje eller Fredriksvern kyrkje er ei krosskyrkje i Stavern, Larvik kommune i Vestfold.

Kyrkja vart oppført som garnisonskyrkje, den første i sitt slag i Noreg. Takryttaren kom på plass i 1758, og sakristiet er frå 1760. I 1790 fekk kyrkja ein kongsestol med monogrammet til Kristian VII. Det har også vore ei rekkje andre endringar etter vigslinga, men kyrkja står framleis som eit hovudverk i norsk rokokkoarkitektur.

På kyrkjegarden står eit gravkapell frå 1915 som har vore vøla ei rekkje gonger. Hovudgravplass for Stavern i dag er Torsrød.

Bilete frå kyrkja

Bakgrunnsstoff

Stavernguiden iBrunlanes.no

Kategori:Kyrkjer i Larvik Kategori:Stavern Kategori:Kyrkjer i Larvik prosti Kategori:Norske kyrkjer frå 1750-åra Kategori:Krosskyrkjer i Noreg Kategori:Kulturminne i Larvik