mini|Saalfelden

Saalfelden am Steinernen Meer er ein by og ein kommune i landskapet Pinzgau i forbundslandet Salzburg i Austerrike. Kommunen har ei flatevidd på 118,5 km² og vel 16 000 ibuarar. Byen Saalfelden ligg 744 meter over havet, om lag 14 km nord for distriktshovudstaden Zell am See. I nord grensar kommunen mot Tyskland.

Den aller fyrste verdsmeisterskapen i skiskyting vart avvikla i Saalfelden i 1958. Seinare har renn i verdscupen i nordisk kombinert vorte arrangert her, mellom anna sigra Trond Arne Bredesen i eit verdscuprenn i 1989. Skihopparen Reinhard Schwarzenberger er frå Saalfelden.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Saalfelden am Steinernen Meer» frå , den 11. januar 2014.

Kategori:Byar i Austerrike Kategori:Kommunar i delstaten Salzburg