Sandar kyrkje er ei krosskyrkje frå 1792 i Sandefjord kommune i Vestfold.

Kyrkja avløyste ei steinkyrkje frå mellomalderen som var i dårleg stand etter eit lynnedslag i 1745, og som dessutan var for lita. I byrjinga vart ho kalla Frederiks kirke, og kommunen heitte Sandeherrad fram til 1930 (og vart slått saman med Sandefjord i 1968).

Sandar kyrkje er prega av Louis Seize-stil, med unntak av spiret, som er meir nygotisk etter ei restaurering i 1868. Kyrkja har elles vore gjennom fleire omgangar med forfall og vøling.

Det er kyrkjegard attmed kyrkja, men han er full, og hovudgravplass for byen er ved Orelund kapell.

Sandar kyrkje er prostikyrkje i Sandefjord prosti.Kyrkjesøk.

Kjelder

Litteratur

Bakgrunnsstoff Roar L. Tollnes: Sandar kirke (PDF) Artemisia.no

Kategori:Kyrkjer i Sandefjord Kategori:Kyrkjer i Sandefjord prosti Kategori:Norske kyrkjer frå 1790-åra Kategori:Krosskyrkjer i Noreg Kategori:Kulturminne i Sandefjord Kategori:Valkyrkjer i 1814