Berger kyrkje er ei langkyrkje i Svelvik i Buskerud fylke.
Kyrkja vart teikna av Schak Bull og innvigd i 1895. Dei same teikningane vart kort tid etter nytta ved bygginga av Ytre Arna kyrkje. Kyrkja vart omfattande restaurert i 1948–49 og var i privat eige fram til 1970.
På kyrkjegarden står eit bårehus frå 1989.
Litteratur Kåre Sten Larsen: Berger kirke — 100 år (1895–1995) (E-bok på Bokhylla.no)
Kjelder
Svelvik kyrkjelege fellesråd
Bakgrunnsstoff Tunsberg bipedømme
Kategori:Kyrkjer i Drammen Kategori:Kyrkjer i Drammen prosti Kategori:Kulturminne i Drammen Kategori:Norske kyrkjer frå 1895 Kategori:Langkyrkjer i Tunsberg bispedømme