Horseshoe Bend National Military Park er ein militær nasjonalpark ved Tallapoosa-elva i Alabama i USA. Han blei oppretta i 1956 til minne om slaget ved Horseshoe Bend i 1814, under Creek-krigen. Slaget stod 27. mars mellom ein milits leidd av general Andrew Jackson, med støtte frå 39th U.S. Infantry Regiment, cherokeefolk og Lower Creek-muskogeefolk mot Upper Creek-gruppa Red Sticks. Slaget var det siste store i Creek-krigen, og førte til tap av makt og landområde for muskogeefolka.

Slaget fann stad ved ein barrikade Red Sticks-krigarane hadde bygga for å verna landsbyen sin, Tohopeka. Over 800 Upper Creek-folk døydde under slaget på heimeområdet sitt. Dette er det største tapet av liv blant urfolk i eit enkelt slag i USA-amerikansk historie. Red Sticks-leiaren Menawa blei såra, men overlevde.

9. august 1814 skreiv muskogeefolka under på Fort Jackson-traktaten, som overførte 23 millionar acre (93 000 km2) land til styresmaktene i USA. Delar av dette området blei gjort om til delstaten Alabama i 1819. Resten tilhøyrer no Georgia. Andrew Jackson blei ein krigshelt som seinare blei vald til president i USA.

Kjelder

History & Culture, nps.gov

Denne artikkelen bygger på «Horseshoe Bend National Military Park» frå , den 25. april 2014.

Bakgrunnsstoff Horseshoe Bend National Military Park. Offisiell nettstad. The Battle of Horseshoe Bend: Collision of Cultures , NPS.gov Kategori:Militære nasjonalparkar i USA Kategori:Creek-krigen Kategori:Verneområde i Alabama